Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rapport om regional forskningsstøtte for kliniske studiar

Haukeland universitetssjukehus har spisskompetanse på klinisk forsking og forskingsstøtte, og tilbyr støtte og tenester til alle helseføretaka i regionen. Her kan du lære meir om kva forskingsstøtte som blir tilbudt.

Den regionale forskingsstøtta i Helse Vest er lagt til Haukeland universitetssjukehus (HUS), og er ein del av spisskompetansemiljøet som er bygd opp rundt klinisk forsking ved Forskings- og utviklingsavdelinga i Bergen.

Avdelinga Forsking og innovasjon ved Helse Bergen har samanfatta ein oversikt over all aktivitet som omhandler regionalt samarbeid og forskningsstøtte for kliniske behandlingsstudier. Du kan lese rapporten her:

Rapport: Regional forskingsstøtte for kliniske studier i Helse Vest 2024 (pdf)

Rapporten gir ein oversikt over nasjonal og regional forankring i arbeidet rundt kliniske behandlingsstudiar, samt ein kort gjennomgang av nasjonale tiltak og infrastruktur som er etablert for å støtte opp under arbeidet med å auke talet på behandlingsstudiar. 

Støttar forsking i heile regionen

Den regionale forskningsstøtten blir levert frå HUS til dei andre helseføretaka i regionen. I denne rapporten kan du få ein oversikt over leveransar knytt til denne regionale funksjonen, ei vurdering av uløyste behov, utfordringar og kva som fortsatt gjenstår å bygge opp. 

Sist oppdatert 11.09.2025