Neuro-SysMed sin forskarskule for translasjonell nevrovitenskap tilbyr forskarutdanning for ph.d.- kandidatar frå og med hausten 2021. Målet med forskarskulen er å gje ph.d.- kandidatar grunnleggande innsikt i translasjonell nevrovitskap, og skal vere eit viktig supplement til den etablerte forskarutdanninga ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen (UiB).
OVERLORD MS-studien, leia av MS-gruppa ved Neuro-SysMed på Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, er tildelt prisen «Årets forskerinitierte studie» under den nasjonale utdelinga Pris for fremragende innsats i kliniske studier 2025. Prisen blei delt ut på Grand Hotel i Oslo 29. januar 2026.

Frå førebygging til innovasjon: Høgdepunkt frå Neuro-SysMed-symposiet 2025
Onsdag 19. november 2025 avslutta Neuro-SysMed sitt årlege symposium 2025 etter to inspirerande dagar fylt med deling av banebrytande forsking, samarbeid, nettverksbygging og livlege diskusjonar. Dei 150 engasjerte deltakarane fekk høyre om dei nyaste framstega innan nevrologisk forsking og diskuterte framtidige gjennombrot.

Tildeling til utprøving av ny behandling mot Alzheimer
Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesta (KLINBEFORSK) vedtok nyleg å tildele 25 millionar kroner til ein dobbeltblinda utprøvingsstudie for ny behandling mot Alzheimer sjukdom som skal involvere pasientar med tidleg Alzheimer demens frå heile landet. Dette er ein studie hos demens-noden i Neuro-SysMed, med Kristoffer Haugarvoll som leiar for prosjektet.

Neuro-SysMed sin forskarskule

