Pårørande
Mange pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og omsorgen for sine nære, men også dei kan ha behov for støtte og hjelp til å meistre eigen livssituasjon.
Pårørande rett til informasjon når:
- Opplysningane allereie er kjent
- Pasienten eller brukaren samtykker til det
- Forholda tilseier informasjonsdeling, for eksempel i ein nødsituasjon eller om pasienten er ute av stand til å gi samtykke
- Pasienten ikkje er i stand til å ivareta sine interessar
Foreldre har også rett til informasjon om sine barn inntil dei fyller 16 år, og inntil dei fyller 18 år om opplysningane er nødvendige for å ivareta foreldreansvaret.
Det er næraste pårørande som har rett til informasjon. Pasienten eller brukaren har rett til å peike ut sin næraste pårørande. Om han / ho ikkje er i stand til å peike ut næraste pårørande, skal det vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.
Helsepersonell bryter heller ikkJe taushetsplikta ved å snakke med deg om opplysingar du er kjent med fra før. Når du kjenner diagnosen til pasienten eller brukaren, kan helsepersonell snakke generelt om årsak til tilstanden, symptom, vanleg behandling og prognose.
Les meir om dine rettigheiter som pårørande på helsenorge.no

Besøk på sjukehuset
Her finn du informasjon om visittid og besøksreglar i sjukehuset.
Her finn du besøksreglar, reglar for følgje til sjukehuset og informasjon om smittevern.

Kurs og opplæring for pasientar og pårørande

Rettar, val og moglegheiter
