Har du fått time hos oss?
Viktig informasjon
Med tanke på hudprikktesten er det viktig at du ikkje bruker einskilde legemiddel på førehand. I første rekkje gjeld dette allergitablettar av typen antihistaminar (for eksempel Loratidin, Aerius, Cetirizin, Kestine, Telfast, Zyrtec) og reisesyketablettar. Om mogleg må desse unngåast i minst 3 dagar, men helst i ei veke før testen.
I samband med prikktesten er det viktig at ein unngår å bruke body lotion på armane same dag.
Første gangs konsultasjon
Når du kjem til avdelinga, klikk enten på sms-lenka for å registrere oppmøte, eller gå til ekspedisjonen. Sitt deretter ned og vent inntil ein av våre sjukepleiarar tar imot deg. Dersom det er planlagt hudtestar eller eventuelle pusteprøvar vil desse ofte bli utført først. Deretter vil du bli henta av legen til ein konsultasjon.
Dersom du skal ta blodprøvar går du til laboratoriet på haukelandsområdet etter legetimen.
Film: Praktisk utføring av prikktest
Pasientar som går til allergivaksinasjon
Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:
- er forkjøla, har feber, eller har anna sjukdom
- har allergisymptom. Du skal vere symptomfri i minst ei veke før vaksinasjon.
- har fått annen vaksine eller antibiotika dei siste 7 dagane
- har hatt behov for å auke dosen med astmamedisin
Pasientar som skal til provokasjon
Du må ringe avdelinga og få ny time dersom du:
- er forkjøla, har feber eller har anna sjukdom
- har allergisymptom
- har brukt antihistaminar dei siste dagane
Har du eller barnet ditt matallergi?
RAAO Vest har i samarbeid med lærings og mestringssenteret kurs i matallergi.
Klikk på lenka for å komme til Matallergikurs - Helse Bergen HF
Sist oppdatert 26.03.2025
