Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Helse Bergen har følgande avdelingar i Region Nordhordland Helsehus (RNH): Hudpoliklinikk, Dialyse, Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP),  psykiatrisk behandlingstilbod for vaksne, Knarvik ambulansestasjon og Laboratorium for blodprøvetaking.

Prøvetakingsenhet RNH (Knarvik)  er eit tilbod til pasientar som får poliklinisk behandling ved sjukehuset. I tillegg kan pasientar bli tilvist frå fastlege/spesialist som er totalkundar ved sjukehuset. Blodprøvetakinga krev ein rekvisisjon – elektronisk/papir.

Skal du til dialyse i Knarvik, finn du oss i Region Nordhordland Helsehus, 2. etasje, inngang B.

 

Kontakt

Prøvetakingsenhet RNH (Knarvik)  :

55 97 16 44

Hudpoliklinikk:

55 97 08 17

BUP Nordhordland:

56 34 33 00

Bjørgvin DPS poliklinikk:

56 34 32 50
Interiør inngangsparti Region Nordhordland Helsehus. Foto
Det nye Region Nordhordland helsehus ligg sentralt i Knarvik, og rommar helsetenester frå både kommune og sjukehus.

Slik finn du fram

Adresse

Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Hudpoliklinikk, Dialyse og Laboratorium for blodprøvetaking held til i 2. etasje. BUP Nordhordland er i 4. etasje, og Bjørgvin DPS poliklinikk er i 5. etasje. Vi gjer merksam på at Laboratorium for blodprøvetaking har eigne opningstider. Opningstider kan avvike ved ferie og høgtider.
Generelle åpningstider for Helsehuset
  • I dag 08:00 - 15:00

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​