Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av mann som sitter med datamaskin

Å vere pårørande – roller, reaksjonar og relasjonar

Er du pårørande til nokon med pengespelproblem? Her får du innsikt i kva det kan innebære, vanlege reaksjonar og utfordringar som kan oppstå – og nokre råd om kva som kan hjelpe deg vidare.

Kva betyr det å vere pårørande til nokon med pengespelproblem?

Det å vere pårørande til nokon med pengespelproblem, handlar om å vere bekymra for nokon si pengespeling. Det kan vere ein partnar, eit familiemedlem, ein ven eller ein kollega.

For kvar person som har pengespelproblem, blir fem til seks andre påverka. Dei vil oppleve belastning og negative konsekvensar. Dette betyr at talet på pårørande vil overgå talet på personar med pengespelproblem. Pengespelavhengigheit rammar relativt få i Noreg; om lag 0,6 % av befolkninga har avhengigheit, og ytterlegare 2,3 % viser risikofylt speling. Likevel vil nærmare 15 % av befolkninga vere pårørande. Pengespelproblem har med andre ord stor belastning utover den enkelte personen.

Som pårørande vil du typisk kunne oppleve sterk emosjonell belastning, svekt fysisk helse, fleire relasjonelle utfordringar med den som har pengespelproblem, økonomiske vanskar, kjensla av å vere i konstant alarmberedskap, og auka sårbarheit for å utvikle eigne utfordringar med alkohol og tobakk.

Pengespelavhengigheit betyr at spelinga har blitt ukontrollerbar, og held fram sjølv om ho skapar problem. Pengespelavhengigheit som diagnose inneber òg ei vurdering av kjenneteikn, der mengde, intensitet og innverknad på dagleglivet blir vurdert.

Typiske kjenneteikn på pengespelavhengigheit er:

  • Aukande speling: Du ser at personen brukar meir og meir tid og pengar på spelinga.
  • Irritabilitet: Personen verkar uroleg eller irritert når dei må avgrense spelinga.
  • Kontrolltap: Mislykka forsøk på å redusere eller slutte å spele. Spelinga blir justert ei kort stund, før ho fell tilbake til same eller høgare nivå.
  • Overinvolvering: Personen brukar mykje tid på å planleggje, leggje til rette for og snakke om pengespel.
  • Regulering: Spelinga aukar i situasjonar kor personen er i dårleg humør.
  • Jage tap: Når personen tapar pengar, aukar spelinga i forsøk på å vinne tilbake det tapte.
  • Løgn: Personen skjuler eller lyg om omfanget av spelinga.
  • Setje i fare: Spelinga gjer at forhold til andre, arbeid, studiar eller andre viktige livsområde blir sett i fare eller går tapt.
  • Pengar: Personen ber deg eller andre om pengar for å finansiere spelinga, eller for å handtere gjeld frå spel.

Utviklinga av pengespelproblem skjer gradvis. Det gjer det utfordrande for pårørande å vite akkurat når problemet er «stort nok».

Hugs: Viss pengespelinga opplevast som belastande, er det nok til å ta grep for å ivareta deg sjølv og den andre. Å vere pårørande betyr å ha bekymring for pengespeling, og bekymringa kan vere både liten og stor.

Det er fleire typar belastningar som er vanleg å oppleve når du er pårørande til nokon med pengespelproblem. Desse belastningane aukar risikoen for å oppleve bestemte negative konsekvensar eller skadar.

Belastningar du kan oppleve som pårørande inkluderer mellom anna:

· Sjokket når du oppdagar kor omfattande problemet er.

· Økonomiske utfordringar, som gjeld og mangel på pengar til nødvendige utgifter.

· Spelinga endrar veremåten til personen, slik at det blir meir utfordrande å vere saman, eller at de oftare hamnar i konfliktar.

· Nye eller uføreseielege kriser oppstår. For eksempel inkassovarsel, mislighald av huslån eller tvangssal, og nye tilfelle med pengespeling.

· Vedvarande bekymring over mengda eller omfanget av pengespelinga, inkludert uro over at pengespelinga skjer i skjul.

· Kriminalitet. For eksempel underslag, lån i den pårørande eller andre sitt namn (identitetstjuveri) eller steling av pengar.

· Truslar eller vald frå den pengespelavhengige.

· Frykt for liv og helse. Du fryktar at den pengespelavhengige skal skade seg eller ta sitt eige liv.

· Sorg og belastning etter at den pengespelavhengige har skada seg eller tatt sitt eige liv.

· Indirekte stress fordi pengespelproblemet påverkar andre personar i felles nettverk eller familie.

· Endring i det sosiale og daglege livet på grunn av pengespelproblemet eller skadane frå det.

· Belastninga av endra roller. For eksempel at du som partnar tek over full økonomisk kontroll, overvaker status på pengespelproblemet, eller må ta over spesifikke ansvarsoppgåver, fordi den pengespelavhengige ikkje er i posisjon til å gjere det.

· Barn som er forvirra og redde på grunn av endringane i livssituasjonen, og skadane som har skjedd på grunn av pengespelproblemet.

· Opplevinga av å feile som partnar, barn, forelder eller den rolla du har overfor den du er pårørande til.

Fleire av desse belastningane kan òg eksistere i ein periode der du ikkje visste at personen hadde eit pengespelproblem.

Negative konsekvensar du kan oppleve som eit resultat av desse belastningane og vedvarande stress inkluderer mellom anna:

· Søvnvanskar

· Depresjon og låg sjølvkjensle

· Reaksjonar etter vald eller emosjonell overbelastning

· Varig skuldkjensle og skam

· Sorg over tapt tryggleik, livsstil eller relasjon

· Oppleving av tomleik, håpløyse og meiningsløyse

· Kroppslege plager som mage- og tarmproblem, sjukdom og hovudpine

· Konsentrasjons- og merksemdsvanskar

· Redusert funksjon sosialt og i arbeid

I dette meistringsprogrammet får du strategiar som kan hjelpe deg å handtere belastningane du kan oppleve som pårørande til nokon med pengespelproblem.

Kva er rett å gjere?

Det er mykje som kan gjere det utfordrande å vere pårørande til nokon med pengespelproblem. Som pårørande prøver du å finne den beste måten å handtere ein ekstrem og unormal situasjon på. Det kan medføre at du gjer ting som du i etterkant finn ut at gjorde problemet verre, eller som du ikkje veit om var til hjelp eller ikkje.

Nokon val kan hjelpe i ein situasjon, men gjere ting verre i ein annan. Eit eksempel på dette kan vere: “Skal vi selje personlege gjenstandar og be andre om hjelp for å betale ned spelegjeld, eller skal vi la den speleavhengige ordne opp sjølv?”. Her kan økonomisk hjelp føre til at personen held fram med å spele, fordi dei slepp konsekvensane. Samtidig kan gjelda ramme heile familien, for eksempel ved tvangssal av bustad.

I dette programmet gir vi deg nokon generelle råd og verktøy som kan hjelpe deg til å finne ei god løysing for din situasjon. Du finn meir om dette i kapittel 2.

Snakk med andre

Det er lett å bli blind på eigen situasjon. Difor anbefaler vi deg at du deler situasjonen din med nokon du stolar på. Du kan lese meir om dette i tema 5 «Vegen vidare – håp, hjelp og fellesskap».

Sist oppdatert 11.12.2025