Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av et menneske som holder et hjerte

Eigenomsorg og meistring

Korleis handterer ein å vere pårørande når pengespelavhengigheit pregar kvardagen? Denne modulen gir råd om korleis du kan ta vare på eiga helse, finne balanse og bruke gode meistringsstrategiar. Du får verktøy for refleksjon og tips som styrkjer eigenomsorga – slik at du står sterkare i ein krevjande situasjon.

Denne modulen fokuserer på eigenomsorg og meistring. Her kjem du til å lære meir om vanlege belastningar som pårørande til personar med pengespelavhengigheit ofte kjenner på. Du kjem til å øve deg på refleksjonar om korleis du i større grad kan jobbe med eigenomsorg og sjølvivaretaking.

Vidare viser vi litt til forsking, og kva som er vanlege måtar å respondere eller «cope» på som pårørande. Vi visar òg korleis ein kan bli meir bevisst på eigne meistringsstrategiar – og kvifor dette kan vere nyttig.

Å vere pårørande til ein nærståande med ein avhengigheitslidning, kan vere svært tappande.

Forsking viser at det finst tre hovudkategoriar for korleis pengespelavhengigheit påverkar pårørande:

· Forverring av familierelasjonar

· Emosjonelle problem

· Økonomiske vanskar

Forverring av familierelasjonar handlar ofte om sinne, frustrasjon og auka konflikt i familiesituasjonen. I tillegg er det vanleg at det oppstår tillitsvanskar og vanskar med å stole på den avhengige igjen, fordi løgn og tilbakehald kan ha opprettheldt spelinga. Forverra kommunikasjon, vanskar med samarbeid i familien og mindre tid brukt på kvalitetstid er òg vanleg.

Emosjonelle vanskar som sinne, tristheit, depresjon og angst er vanleg hos pårørande.

Økonomiske vanskar handlar både om å måtte forhalde seg til gjeld, og å få vete om gjeld som kan ha vore underrapportert av den pengespelavhengige. Utover dette kan økonomiske belastningar påverke kor bekymra den pårørande er for økonomien. I tillegg kan den pårørande ta på seg meir ansvar for å ivareta familieøkonomien, noko som gir ekstra belastning knytt til å ta meir ansvar i familiesituasjonen.

Undersøkingar viser at dei vanlegaste emosjonelle reaksjonane hos pårørande til pengespelavhengige er kjensler av forvirring, håpløyse og sinne/bitterheit. Dette kan vidare påverke det sosiale livet til pårørande, ved at dei tar meir ansvar i familien, nedprioriterer sitt eige sosiale liv og får større ansvar for økonomien.

Belastninga av å vere pårørande kan altså påverke negativt, både relasjonen mellom den pårørande og den speleavhengige, familiesituasjonen og dei emosjonelle belastningane for den pårørande. Det er viktig som pårørande å jobbe aktivt med å ivareta seg sjølv og eigne behov, for å takle belastninga på best mogleg måte. Som dei seier når ein flyr: «Ta på din eigen oksygenmaske, før du hjelper andre».

Når ein står nær ein person med speleproblem, kan det vere lett å gløyme seg sjølv. Mange pårørande opplever stress, bekymring og emosjonell belastning, og fokuset blir ofte retta mot den som har avhengigheita. Mange synast det er vanskeleg å prioritere seg sjølv som pårørande.

Å ta vare på eiga helse er ein føresetnad for å kunne vere ei god støtte for den som slit. Når du har overskot, blir det lettare å handtere utfordringar, ta logiske avgjerder og finne gode løysingar. Eigenomsorg bidreg òg til å regulere overveldande kjensler, slik at du kan møte situasjonen med større ro og klarheit.

God eigenomsorg gjer livet mindre sårbart. Sosiale relasjonar, jobb og eit eventuelt foreldreansvar blir lettare å ivareta når du har balanse i kvardagen. Det gir deg òg styrke til å setje nødvendige grenser, slik at du ikkje tar på deg alt ansvar for speleproblemet. På den måten vernar du både om deg sjølv og relasjonen.

Til slutt: Når du tar vare på deg sjølv, viser du ein viktig rollemodellfunksjon. Du signaliserer at eigenomsorg er verdifullt – både for deg og for den speleavhengige.

Skal ein jobbe med eigenomsorg, kan det vere nyttig å bruke refleksjonsoppgåver. Det kan auke bevisstheita di rundt korleis du tar vare på deg sjølv no, og eventuelt korleis du kan gjere det på ein annan måte.

  1. Tenk tilbake på den siste veka:

    Noter ned kva situasjonar som har gjort deg mest stressa eller bekymra i samband med speleproblemet.

    Korleis merka du det i kroppen og i tankane dine?

  2. Vurder eigenomsorga di:

    Kva har du gjort for å ta vare på deg sjølv i denne perioden?

    Var det noko du ønskte å gjere, men ikkje fekk til? Kva hindra deg?

  3. Sjå framover:

    Kva konkrete tiltak kan du gjere dei neste dagane for å styrkje eigenomsorga?

    Korleis kan du minne deg sjølv på at eigenomsorg er viktig, sjølv når situasjonen kjennest krevjande?

I den førre videoen blei du presentert for ei refleksjonsoppgåve om eigne meistringsstrategiar. Det kan ofte vere lurt å gå litt systematisk til verks for å sortere tankane sine. Her er ein framgangsmåte for å gjere dette i ei spesifikk situasjon. Her kan du vurdere fordelar og ulemper med strategien din, utforske alternative meistringsstrategiar og sjå kva som kan vere fordelar og ulemper med dei.

Fordelar og ulemper med strategien
Situasjon og min respons Kva var positivt/nyttig? Kva var ikkje negativt/ikkje nyttig? Alternativ respons Alternativ respons: Kva kan vere positivt/nyttig? Alternativ respons: kva kan vere negativt/ikkje nyttig?

 

 

         

 

 

Sist oppdatert 11.12.2025