Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Introduksjon: Korleis jobbe med programmet

Velkommen til meistringsprogrammet for dei som er pårørande til pengespelavhengige. Dette programmet gir deg innsikt i vanlege reaksjonar, vanskelege kjensler og utfordringar ein kan møte i rolla som pårørande.

Programmet tar for seg meistringsstrategiar. Det tar òg for seg korleis ein kan handtere økonomiske problem knytt til pengespelproblem.

Korleis brukar du programmet?

Programmet er lagt opp i ulike kapittel. Desse er:

Programmet kan du jobbe med i rekkjefølga over, eller du kan klikke deg inn på det temaet du meiner er mest nyttig for deg akkurat no. Temaet «Når krisa inntreff» er eit unntak – dette er ei side som oppsummerer informasjon og strategiar som kan vere spesielt nyttige når krisa har oppstått. Ein krisesituasjon kan for eksempel vere at du nettopp har fått vite at personen du er pårørande til er pengespelavhengig, og du kjenner deg rådvill. Gjerne klikk deg inn på dette temaet først.

Vi anbefaler at du tar deg god tid med programmet. Det kan vere nyttig å lese og reflektere over innhaldet over fleire dagar. Når du jobbar med eit enkelt kapittel, kan det vere greitt å ta pause undervegs. Programmet tar opp tema og situasjonar som kan vekkje sterke kjensler, og dette er heilt naturleg.

Kven passar programmet for?

Programmet er utvikla for å vere nyttig for dei fleste som er pårørande til nokon med pengespelproblem.

Difor kan visse delar av innhaldet gi meir gjenklang hos deg personleg, medan anna innhald ikkje opplevast like relevant.

Dette programmet er ikkje eit behandlingsprogram. Viss du opplever alvorlege psykiske utfordringar, anbefaler vi at du tar kontakt med fastlegen din.

Sist oppdatert 11.12.2025