Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av en sparegris med et rødt kors på

Økonomisk førstehjelp, steg for steg

Har du økonomiske bekymringar på grunn av pengespelavhengigheit? Denne modulen gir deg ei steg-for-steg-oversikt for å få kontroll på gjeld, finne rett hjelp og ta vare på deg sjølv undervegs. Du får råd om korleis du kan handtere økonomiske problem og kva støtteordningar som finst – utan at du står åleine i ansvaret.

Ei liste til personar med pengespelproblem, og deg som er pårørande

Denne lista er ei steg for steg rettleiing til kva ein kan gjere sjølv, og kor ein kan få hjelp, når pengespel gjer økonomien vanskeleg. For nokre vil det vere å følgje lista punkt for punkt, for andre vil berre enkelte avsnitt vere relevante. Å få oversikt krev som regel samtykkje frå den som skuldar pengar, dette då det må nyttast bankID. Dersom du ikkje får på plass eit samtykkje, er det ikkje anbefalt at du som pårørande arbeider aleine med denne lista. Å unngå å overta heile ansvaret, er ivaretaking av deg sjølv.

Lista og arbeid rundt økonomi, kan vere overveldande, så søk gjerne hjelp frå ein støtteperson. Dette kan vere ein ven, eit familiemedlem eller ein hjelpar i det offentlege apparatet. Prosessen kan opplevast enklare, dersom du har nokon saman med deg som kan sortere i «kaoset». Det er sjølvsagt òg mogleg å gjere arbeidet aleine. Ikkje gjer alt på ein gang, del opp og ta pausar undervegs i prosessen.

Få oversikt:

  • Skattemeldinga (krev BankID): Denne gir ei oversikt over lån og noko gjeld (OBS ikkje alltid oppdatert, berre registrert gjeld er synleg her. Til dømes bustadlån, studielån og forbrukslån).
  • Bustadlån: Kontakt banken/anna långjevar. Er du medlåntakar, ta direkte kontakt med banken, eventuelt få eit samtykkje for tilgang til opplysningar.
  • Andre kreditorar (krev BankID eller samtykkje): Dette kan vere ubetalte rekningar som er gått til inkasso, til dømes Intrum, Convene osv. Inkassoregisteret er ein nyttig ressurs for å få oversikt over gjeld. Logg inn via deira nettside. Det tar ofte nokre veker før ei fullstendig oversikt er klar. Gjeldsregisteret kan òg sjekkast, men denne viser i all hovudsak berre forbrukslån, og ein får difor ikkje ei fullstendig oversikt. Inkassoselskap kan òg kontaktast på telefon.
  • Statens Innkrevingssentral: Her finn ein òg skatteetaten (krev BankID): Her kan ein blant anna finne oversikt over uteståande krav (til dømes bøter eller restskatt).
  • Kommunal gjeld: Til dømes uteståande kommunale avgifter, ta kontakt direkte med aktuell kommune.
  • Spørsmål om mogleg bidragsgjeld eller andre krav til NAV: Ta kontakt med NAV sentralbord (55 55 33 33) for rettleiing.
  • Tvangstrekk (krev BankID eller samtykkje): Nokon opplever trekk på inntekt. Det er tre instansar som har myndigheit til å setje trekk. Desse er Namsmannen, Statens Innkrevingssentral og/eller NAV innkreving. Ved spørsmål om endring eller stans av trekk, må aktuell instans kontaktast direkte for rettleiing.

Privat gjeld kan opplevast vanskeleg å handtere og meir belastande enn anna gjeld. For nokre kan det difor vere privat gjeld ein forsøkjer å betale ned først. Det er anbefalt å forsøkje å få til ein dialog om nedbetaling på lik linje med offentlege kreditorar. Ved alvorlege trugsmål bør politi kontaktast. Merk at dersom ein skal søkje om gjeldsordning, så er det mogleg å inkludere privat gjeld i ordninga.

Her får du hjelp med økonomi og gjeld:

  • NAV gjeld rettleiing, eigen telefon: Tlf. 55 55 33 39 (man-fre, 09-15)

  • NAV sosialteneste: merk at NAV består av ein statleg og ein kommunal del. Sosialtenesta (her finn ein økonomisk rettleiing), høyrer til den kommunale delen. Er du usikker på korleis det er organisert i din kommune, sjekk kommunen si heimeside. For kontakt med NAV sosialteneste, bruk digitalt søknadsskjema på nav.no (skjema økonomisk sosialhjelp), då får ein tildelt sakshandsamar. Det finst òg som papirskjema.

  • Økonomisk rettleiar: søk til lokal NAV sosialteneste.

  • Forvaltningskonto: søk til lokal NAV sosialteneste ved behov for hjelp til økonomistyring. Her er det verdt å merke seg at nokre NAV kontor føretrekkjer at det vert søkt om økonomisk verje som tiltak, i staden for forvaltningskonto (sjå informasjon under).

  • Økonomisk verje: søk Statsforvaltaren for oppretting av verjemål (økonomisk verje). Til denne søknaden treng ein erklæring frå lege eller anna behandlar, som seier noko om søkjar sin situasjon og behov. Rolla som økonomisk verje kan vere krevjande og ein bør difor vurdere om ein som pårørande skal ta ei slik oppgåve. Statsforvaltaren kan finne uavhengige økonomiske verjer dersom ein ønskjer det. Då slepp ein som pårørande å ha denne rolla.

  • Gjeldsordning:

    Ved eksisterande gjeldsordning, ta kontakt med lokal Namsmann/lensmannskontor for spørsmål om ordninga.

    Ved spørsmål om ny søknad, vilkår og rammer for gjeldsordning, ta kontakt med lokal NAV sosialteneste for rettleiing og hjelp i søknadsprosessen, eller direkte med Namsmannen.

  • Tvangssal av bustad: kontakt Tingretten

  • Tvangssal av andre verdiar: kontakt Namsmannen

  • Andre ressursar (merk at desse er landsdekkande. Det kan òg vere andre ressursar i ditt nærområde):

    Gjeldsofferalliansen: Gjeldsoffer-Alliansen (GOA) - Når gjelden tar overhånd tlf. 22 20 19 99, mand-fred. 09-16. Gjeldsoffer-Alliansen (GOA) er ein interesseorganisasjon som arbeider for å hjelpe gjeldsofre.

    Spillavhengighet Norge: Spillavhengighet Norge | Vi hjelper spilleavhengige og pårørende, organisasjonen vert driven av tilsette og frivillige med eigenerfaring. Jobbar for å støtte speleavhengige og deira pårørande.

  • Tverrfagleg spesialisert behandling i spesialisthelsetenesta, der det blir gitt tilbod om behandling for speleavhengigheit: Ved nokre behandlingsstader blir det gitt tilbod om rettleiing frå sosialfagleg personell. Spør gjerne om dette er eit tilbod der den speleavhengige mottar behandling.

Sist oppdatert 11.12.2025