Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Illustrasjon av to mennesker med en skygge mellom seg

Vanskelege kjensler i møte med pengespelavhengigheit

Når ein du er glad i slit med pengespelavhengigheit, kan kjenslene bli sterke og overveldande – sinne, sorg, frykt og skam er vanleg. Her får du hjelp til å forstå kva som skjer, korleis du kan møte den som strevar, og kva du kan gjere for å ivareta deg sjølv.

Pårørande sine eigne vanskelege kjensler

Å kaste anker

Tips til å kaste anker

Du kan ikkje gjere noko feil når du brukar denne teknikken, og du treng ikkje følgje instruksjonane nøyaktig.

For mange kan det vere nyttig å velje eit spesifikt «anker». For eksempel å presse beina mot bakken, finne tre ting i omgivnadane med ein bestemt farge, eller roleg presse fingrane saman.

Hensikta med øvinga er ikkje å bli kvitt kjenslene, men å stå i dei til dei forsvinn av seg sjølv.

Du kan øve på denne teknikken når som helst – både når du har sterke kjensler, og når du ikkje har det. Ved å trene på teknikken medan kjenslene dine ikkje er overveldande, vil du kanskje lettare kunne kaste anker når du opplever overveldande kjensler.

Sist oppdatert 12.12.2025