Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vegen vidare – håp, hjelp og fellesskap

Er du pårørande til nokon med pengespelavhengigheit? Du er ikkje åleine. Her finn du oversikt over hjelpetilbod, råd for parforholdet og tips til korleis du kan snakke med andre om situasjonen. Det finst håp, støtte og fellesskap – både for deg og den som slit med pengespel.

Du er ikkje åleine

Når ein finn ut at ein av sine nærmaste har ein pengespelavhengigheit, er det lett å kjenne seg åleine. På ein augeblink er alt endra, og ein veit gjerne ikkje kva ein skal gjere eller kven ein kan snakke med.

Men det finst fleire der ute. I Noreg reknar vi med at om lag 0,6 % av befolkninga har ein avhengigheit til pengespel, og ytterlegare 2,3 % visar risikofylt speling. Når vi tenkjer på at alle desse har mange rundt seg som blir påverka av speleproblemet, kan vi rekne med at nær 15 % av befolkninga er pårørande til ein med speleproblematikk. Du er ikkje aleine! Folk har gått gjennom liknande opplevingar før, og det finst erfaringar der ute som du kan bruke for å hjelpe deg sjølv gjennom kaoset.

Ein podcast om det å vere pårørande til ein spelavhengig (rekonstruksjon).

Kva finst av hjelp og behandling?

Spillavhengighet Norge har sjølvhjelpsgrupper for pårørande til menneske som slit med pengespelproblem. Dei har både digitale grupper, og fysiske grupper i enkelte byar. Dei har òg mykje nyttig informasjon på nettsida si, samt ein hjelpetelefon. 

Blå Kors har tilbod om pårørandesamtalar for pårørande og nærståande til speleavhengige. All kommunikasjon går over telefon og nett. Tilbodet er gratis. Det er ikkje krav om at spelaren sjølv går i behandling. Blå Kors har òg nyttig informasjon om speleavhengigheit på nettsida si.

Pårørendesenteret er eit nasjonalt senter for alle pårørande, på tvers av diagnosar. Dei har som mål å auke livskvaliteten for pårørande, og har nyttig informasjon på nettsida si og ei eiga Pårørendelinje.

Landsforeininga for Pårørande innan Psykisk helse (LPP) er ein ideell organisasjon for pårørande og etterlatne innan psykisk helse og rus. Dei har lokallag i alle fylke, driv sjølvhjelpsgrupper og har rådgivingstelefon og -chat.

Den som har ein pengespelavhengigheit, kan få behandling gjennom det offentlege helsevesenet, etter tilvising frå fastlege. Behandling finst både med fysisk oppmøte og som eBehandling (terapeutrettleia internettbehandling). Ved eBehandling kan pasienten òg tilvise seg sjølv via Helsenorge.

Informasjon om speleavhengigheit, og informasjon om korleis ein kan få hjelp (helsenorge.no)

eBehandling for pengespillavhengighet

I tillegg til det offentlege helsetilbodet, tilbyr Blå Kors fjernbasert behandling over nett og telefon for speleavhengigheit. Oppfølginga består av skriftlege arbeidsoppgåver og vekentlege telefonsamtalar med ein fast terapeut. Behandlinga varer om lag 12 veker. Tilbodet er gratis, og det krev ikkje tilvising frå lege. Det er 18-års aldersgrense for å delta. 

Appen SpillFRI er laga for dei som spelar for mykje, eller som har ein moderat speleavhengigheit. Det er eit sjølvhjelpsverktøy som kan hjelpe med å førebyggje eller meistre speleavhengigheit. Appen er tilgjengeleg gjennom Google Play og App Store. 

Spillavhengighet Norge tilbyr mellom anna informasjon, sjølvhjelpsgrupper, samtalar og hjelpetelefon. Dette er eit gratis tilbod. 

NAV tilbyr rettleiing når du har utfordringar med økonomi, jobb, bustadsituasjon, heimeforhold eller omsorg for barn.

Hjelpelinja tilbyr hjelp og rettleiing til både speleavhengige og pårørande, på telefon, chat og e-post.

Om du har det vanskeleg med deg sjølv, og slit med mørke tankar eller sjølvmordstankar, er det viktig å finne nokon du kan snakke med.

Er det akutt sjølvmordsfare? Ring 113

Er det alvorleg, men ikkje heilt akutt sjølvmordsfare? Ring legevakt på 116117, eller be om rask time (same dag) hos fastlege.

Treng du nokon å snakke med om det vanskelege du opplever?
Desse kan hjelpe:

Mental Helse - Sidetmedord
Telefon: 116123
 
Kirkens SOS
Telefon: 22 40 00 40

Pengespelproblem kan føre til svært store problem i eit parforhold. Det kan vere praktiske og økonomiske problem – stor gjeld, tap av sparepengar, kanskje tap av bustad.

Men den pårørande kan òg oppleve dette som eit svik. Korleis skal ein kunne lære å stole på partnaren sin igjen etter noko slikt? Er det mogleg å finne tilbake til kvarandre og til ein god måte å leve saman på? Kanskje kan ein ikkje tilgi det som har skjedd, men kan ein ha tillit til den andre?

[Video frå tema 5 - Manus 6: Når den pårørende og avhengige er på ulike steder]

Om ein ikkje kjem i mål på eiga hand, kan det vere lurt å oppsøkje ein nøytral tredjepart for hjelp.

Det er mogleg å søkje hjelp hos familievernkontoret. Tilbodet er gratis, og ein kan kontakte dei sjølv.

Ein kan gjerne be om ein uforpliktande prat for å finne ut om tilbodet passar, eller om det finst andre tilbod der ein bur. Par som har barn under 18 år, blir prioriterte. 

Dersom ein ikkje kjem til hos familievernkontoret, finst det private alternativ som ein dessverre må betale sjølv.

Dersom barn er pårørande, kan skulehelsetenesta vere eit godt alternativ.

Når ein står midt i ein overveldande situasjon, kan det vere svært nyttig å ha nokon å snakke med. Gjerne nokon du stolar på, og som kjenner deg. Det å kjenne seg sett i ein slik situasjon kan vere veldig verdifullt.

Men kven kan du snakke med? Mange pårørande lurer på kven dei kan fortelje om problemet, og kor mykje dei kan seie. Dei kan tenkje: «Dette er ikkje mi historie å fortelje», og vere redde for å seie for mykje.

Men kanskje kan ein snu på spørsmålet: «Kva treng eg å fortelje for at eg skal få det betre med meg sjølv?» og «Kjenner eg nokon som er gode å snakke med, og som kan halde på ei hemmelegheit?». Det å gi seg sjølv lov til å opne opp, kan bidra til at du held ut.

Nokon pårørande opplever at den speleavhengige ikkje ønskjer at nokon skal vite om problemet. Av og til kan det hjelpe om den pårørande klarer å formidle kvifor det er viktig å få snakke om det med nokon andre. Kanskje kan ein då bli einige om nokon grenser for kva den pårørande kan seie, og til kven. Eventuelt kan den pårørande oppsøkje hjelp for sin eigen del hos profesjonelle eller frivillige aktørar. Sjå eige punkt om kvar ein kan finne hjelp.

Sist oppdatert 08.12.2025