Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Bli kjend med dagkirurgi ved øyre-nase-hals, barn og unge
Velkommen til Dagkirurgi for Barn og Unge. Vi opererer ei rekke tilstandar i øyre, nase og hals-området. Typisk er fjerning av mandlar, polyppar, øredren eller andre øreoperasjonar.
Førebuing til dagkirurgiske inngrep barn
Tilvisning
Du blir sett opp til operasjon etter ei vurdering ved poliklinikken vår, eller tilvist direkte frå privatpraktiserande ØNH-lege.
Narkose til barn
For at barnet ditt skal kunne få narkose, må det møte fastande på sjukehuset. Ved å førebu barnet på kva som skal skje på sjukehuset, og ved at vi vaksne er klar over korleis vi opptrer ovanfor barnet, kan vi bidra til at det opplever tryggleik og meistring under sjukehusopphaldet.
Klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt) kan drikkast inntil 1 time før operasjonen
Morsmjølk/morsmjølkerstatning kan givast inntil 4 timar før operasjonen.
All annan mat og kumjølk kan givast inntil 6 timar før operasjonen.
Barnet skal ikkje tygge tyggegummi eller ete drops dei siste 2 timane før operasjonen.
Les innkallingsbrevet for detaljar.
Barnet må vere friskt på operasjonsdagen
Dersom barnet har feber eller auka hoste dei siste 3 dagane før operasjonen, må de ta kontakt med oss for å avtale ny time.
Førebuingar heime
Dusj og vask håret på barnet kvelden før.
Ta med ei oversikt over eventuelle faste medisinar barnet bruker.
Barnet får vanlegvis ei lita nål (veneflon) i handa for å kunne få medisinar under operasjonen. For å gjere dette så skånsamt som mogleg, anbefaler vi at de kjøper bedøvingsplaster (Emla-plaster) utan resept på apoteket. Plasteret bør settast på handbaken cirka 2 timar før operasjonen.
Førebu dykk på venting
Vi kallar inn fleire pasientar tidleg på dagen for å sikre god ressursbruk av operasjonsstuene. Dette kan medføre ventetid før operasjonen startar. Vi anbefaler at de tar med noko å lese på eller andre rolege aktivitetar for barnet.
Når du kjem til sjukehuset
Bilde 1/5
Når du kjem til sjukehuset
Bilde 1/5
Bildegalleri fullskjermvisning
Under operasjonen
Under er ein bildeserie for eit vanleg dagkirurgisk inngrep for barn og unge. Legen brukar av og til eit ark med illustrasjonar for å forklare barnet kva som skal skje før og under operasjonen.
Bildeserie dagkirurgiske inngrep barn og unge
Her kan du sjå ein bildeserie som viser kva som skjer under dagkirurgiske inngrep for barn og unge, øyre–nase–hals. Gå gjerne gjennom bileta saman med barnet på førehand, slik at de er så godt førebudde som mogleg før inngrepet.
Barnet blir verande hos oss i nokre timar etter operasjonen, vanlegvis 2-4 timar avhengig av inngrepet.
De vil få munnleg og skriftleg informasjon om korleis de skal ta vare på barnet etter operasjonen.
De vil få eit telefonnummer de kan ringe ved spørsmål eller problem etter operasjonen.
Barnet vil få resept på eventuelle nødvendige medisinar.
De vil få ein oppfølgingstime dersom det er behov for det.
Rettleiande fråvær etter operasjon:
Dren i øyra: Barnet kan gå i barnehage/skole dagen etter.
Fjerning av polyppar (adenotomi): Barnet kan gå i barnehage/skole etter 3 dagar inkludert operasjonsdagen.
Fjerning av delar av mandlane (tonsillotomi): Barnet må vere heime i 5-7 dagar.
Fjerning av mandlar (tonsillektomi): Barnet må vere heime i 7-14 dagar og skal unngå hard fysisk aktivitet i 3 veker.
Andre operasjonar: Viss barnet skal gå gjennom ein annan operasjon, må behov for fråvær avklarast individuelt.
Annan informasjon
Foreldre har ikkje rett til sjukmelding ved barnssjukdom, men kan søke om pleiepengar frå NAV. Dersom det er medisinsk behov for at barnet har tilsyn av føresett etter operasjonen, vil de få ei legeerklæring. Denne får dykk med dykk før heimreise frå sjukehuset, og den blir lagd ved søknaden om pleiepengar som blir sende til NAV.
Dersom barnet skal fjerne mandlane (heilt eller delvis), og de har meir enn éin times reiseveg eller må ta ferje, anbefaler vi at de blir i Bergen det første døgnet etter operasjonen. Overnatting kan de gjerne ordne privat hos familie eller venner. Har de behov for innlegging eller overnatting på pasienthotell, ber vi de ta kontakt med oss så tidleg som mogleg, slik at vi kan hjelpe dykk med å bestille dette.
Som hovudregel må de organisere reisa sjølv, og utgiftene blir dekte etter standard kilometersats viss reisa er lengre enn 10 km kvar veg og kryssar ei takstsone. Dersom det manglar kollektivtilbod eller de ikkje kan bruke eigen bil, kan de ringe Pasientreiser på 05515 for råd om transport. Ved medisinsk behov for drosje må dette avklarast med den som har tilvist barnet til sjukehuset.
Barn under 16 år betaler ikkje eigendel for polikliniske konsultasjonar. Dersom barnet får behandling som medfører utgifter til bandasjemateriell eller bedøvingsmiddel, kan desse komme i tillegg . Dersom de ikkje møter til timen utan å gi beskjed minst 24 timar i førevegen , kan det komme eit gebyr for ikkje-møtt time .
Dersom barnet har vore innlagt på sjukehus, fått helsehjelp eller tannbehandling utanfor Norden det siste året, må de ta kontakt med fastlegen for å få utført prøver for å utelukke smitte med resistente bakteriar (MRSA). Dette gjeld også om nokon i husstanden tidlegare har fått påvist MRSA.
Dersom timen ikkje passar eller barnet blir sjukt, ta kontakt med oss så snart som mogleg for å avtale ein ny time. Logg inn på www.helsenorge.no for å sende ei melding eller ring oss direkte dersom det er kort tid til timen.
For å hjelpe barnet med å forstå kva som skal skje på operasjonsdagen, kan de besøke MediPrep. Her finn de filmar og informasjon som førebur barn på sjukehusopphaldet på ein trygg og pedagogisk måte.