Bli kjend med dagkirurgi ved øyre-nase-hals
Her kan du sjå meir om kva som skjer under dagkirurgiske inngrep for barn og unge. Gå gjerne gjennom informasjonen saman med barnet på førehand, slik at de er så godt førebudde som mogleg før inngrepet.
Barn og unge kan bli operert som øyeblikkeleg hjelp, eller dei kjem til planlagt kirurgi.

Foto: Helse Bergen
Dei fleste barn og unge som blir opererte kjem til planlagd kirurgi. Nokre kan òg bli opererte som øyeblikkeleg hjelp.
Ved dagkirurgiske inngrep reiser barnet/ungdommen heim same dag.
Her kan du sjå meir om kva som skjer under dagkirurgiske inngrep for barn og unge. Gå gjerne gjennom informasjonen saman med barnet på førehand, slik at de er så godt førebudde som mogleg før inngrepet.

Ved innlegging vil barnet/ungdommen ligge på Barnekirurgisk sengepost.
Barn og unge som kjem til operasjon møter i Kirurgisk mottak som ligg i U1 i Glasblokkene. Her møter du helsepersonell før operasjonen.
Nokre barn og unge vil bli opererte ved Dagkirurgisk eining i Sentralblokka, og skal difor møte der. Dette vil i så fall stå tydeleg i innkallingsbrevet.