Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Diagnosetidspunktet

Kva må skje i prosessen frå uro om eit barns kognitive utvikling og til etter at diagnosen psykisk utviklingshemming er stilt?

Informasjonen på denne sida er retta mot barn i skolealder, men du kan tilpasse til barn i barnehagen. Da må du bytte skole med barnehage.

Har barnet forseinka utvikling på andre områder enn kognisjon må du kartlegge dei områda også. Du må vurdere å tilvise til andre aktørar. For eksempel send tilvising til ergo- og fysioterapitenesten ved forsinka motorisk utvikling. Dette skal skje så snart som mogleg. 

Vi har beskrive prosessen frå bekymring om eit barns kognitive utvikling til etter at barnet har fått diagnosen psykisk utviklingshemming i denne tidslinja. Det er ikkje angitt spesifikke veker eller månader mellom oppgåvene, fordi prosessen er individuell. Vi anbefaler å følge punkta i rett rekkefølge og tilpasse tida mellom oppgåvene til behovet til barnet. Forkortingane er beskrevet på denne siden

Så snart som mogleg

  • Meld uro om barnets kognitive utvikling
    • Viss foreldre er uroa: Be om støtte ifrå skole eller helsesjukepleiar
    • Viss skole er uroa: Undersøk nærare; få fram stemma til eleven og ha ein samtale med foreldra 
  • Viss BTI-kommune, følg trinna i BTI-rettleiaren
  • Helsesjekk; vitamin, syn, høyrsel, m.m. hos fastlege og/eller skolehelsetenesta 
  • Kartlegg og start tiltak i skole

Etter ei lita stund

  • Evaluer tiltak; hald frem, endre eller start nye tiltak
  • Spør PPT om råd/rettleiing  
  • Møte mellom foreldre og skole  
  • Oppmelding til PPT (rapport med pedagogisk analyse)
  • Hald fram tiltak i barnehage eller skole  

Når PPT har gjort ei vurdering

  • Sakkunnig vurdering  
  • Enkeltvedtak om individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)  
  • Rettleiing til foreldre  
  • Tiltak frå PPT blir testa og vurdert  
  • Tilvising til HABU  
  • Undersøk rett på koordinator og IP  

 

Tilvising mottatt

  • Inntaksteamet ved HABU behandlar tilvisinga
    • Tilviser får skriftleg informasjon om inntak eller avslag. Kopi blir sendt til foreldre
    • Viss tilvisinga er akseptert får saka prioritet etter gjeldande retningslinjer

Diagnostisk vurdering

Enten på HABU, i skole eller barnehage  

Tilbakemelding til pasient/foreldre

  • Tilbakemelding om vurderinga til barn og foreldre
  • Avklare vidare oppfølging ved HABU  
  • Skriftleg rapport om utredninga blir sendt til pasient/foreldre
  • Foreldresamtale med sosionom om rettar. Kan melde behov for koordinator til kommunen  

Tilbakemelding frå HABU til lokale aktørar

  • Tilbakemeldingsmøte med HABU, lokale aktørar og foreldre  
  • Skriftleg rapport om utredninga blir sendt til fastlege og andre aktørar som pasient/foreldre ønsker skal få rapporten    

Etter tilbakemeldinga frå HABU

  • Vurder behov for koordinator og IP og lag ei ansvarsgruppe (viss det ikkje allereie er utført)
  • Evaluer sakkunnig vurdering 
  • Enkeltvedtak om ITO-tiltak og ressursar  
  • Lag eller endre IOP  
  • Ansvarsgruppemøte: Avklar videre oppfølging og behov  

Du kan laste ned Sjekkliste diagnose (PDF). Sjekklista er eit verktøy for å sikre ein god overgang og du kan bruke ho slik du sjølv vil.

 

Maŋemus ođastuvvon 2025-04-30