Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Jobb hos oss på HABU

Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) er ein eining i Barne- og ungdomsklinikken. HABU arbeider med barn og ungdom i alderen 0-18 år, som har nedsett funksjonsevne og har behov for habilitering. Målet med habilitering er å gjere barn med nedset funksjonsevne, og deira familiar, i stand til å meistre utfordringar i kvardagen.

Velkommen til oss på HABU!

HABU har eit tverrfagleg personale med psykologar, ergoterapeutar, logopedar, spesialpedaogar, fysioterapeutar, sosionom, merkantil og vernepleiar. 

HABU ligg i Glasblokkene på Haukelandsområdet. Vi er fordelte i blokk 3 og blokk 8.

Dei fleste av våre pasientar kjem til polikliniske avtaler på HABU, men vi har også ambulerande verksemd. Mykje av arbeidet går føre seg i tverrfaglege team. 

Vi er ein triveleg gjeng som finn på mykje gøy. Hos oss ønsker vi å behandle kvarandre godt, slik at HABU blir ein god stad å jobbe.

Vi har arbeidstid frå 8:00 til 15:30, og vi har fleksitidordning med kjernetid frå kl 9:00 til 14:00. 

Arbeidet vårt består i stor grad i å samarbeide med kommunale tenester som gir habiliteringsoppfølging til barn og unge. Vi samarbeider også med alle einingar i Barneklinikken, i tillegg til andre klinikkar i Helse Bergen og andre sjukehus i Helse Vest.

Dersom du jobbar hos oss på HABU blir du ein god habilitør. Du blir god til å arbeide tverrfagleg og tenke heilskapleg saman med pasientane våre og deira familie. 

Avhengig av fagleg bakgrunn vil du utvikle spesialkompetanse innan dei arbeidsoppgåvene HABU har ansvaret for.

For meir informasjon om å jobbe i Helse Bergen, sjå her: Jobb hos oss  


Tilbake til HABUs framside

Maŋemus ođastuvvon 2025-08-27