
Klinisk nevrofysiologi barn og unge
Ved KNF barn og unge gjer vi undersøkingar av hjernefunksjonen hos barn og unge i alderen 0-18 år. Undersøkingane blir brukt til utgreiing eller overvåking og diagnostisering av sjukdommar i hjerna og i nervesystemet. Dei vanlegaste undersøkingane vi gjer er EEG, som er forkorting for elektroencefalografi, og søvnregistrering.
Kontakt
Telefon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
For å komme til oss må du gå til Glasblokkene der vi held til i 1. etasje i Blokk 8.
Ved ankomst registrerer du deg i innsjekkingsautomaten i resepsjonen eller så kan du registrere deg på mobilen din. Så går du vidare til blokk 8 og til venterommet som heiter Ventesone C31. Her kan du vente til vi kjem og henter deg.
Dersom du parkerer i Sentralblokka kan du følge lyseblå gangsone fra parkeringsdekket ved utgang nord. Glasblokkene vil vere bygget du har foran deg. Følg den lyseblå gangsona for å komme til hovudinngangen.
Frå parkering i Glasblokkene tek du heis til 1.etasje og går til resepsjonen ved hovudinngangen.

Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen