Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
deltaker som klatrer

Energiteamet PBU

Vi er fødde til å røre oss. Energiteamet ved Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) tilbyr fysisk aktivitet i grupper som eit supplement til annan behandling i PBU. Aktivitetane går føre seg i lokala til Energisenteret for barn og unge, som har både gymsal og symjebasseng. Forskning er ein integrert del av tilbodet vårt.

Når ein strevar psykisk, kan terskelen for å vere fysisk aktiv vere ekstra høg. Difor tilbyr vi tilpassa fysisk aktivitet i ei trygg ramme, som gir barn og unge meistringsopplevingar, nye erfaringar med å vere fysisk aktive, og hjelp til å finne aktivitetar som kan passe for kvar enkelt.

Energiteamet tilbyr to gruppebehandlingar, som hjelper barn og unge til å få det betre (TAG) og/eller til å finne si eiga aktivitet (VoV). Teamet tilbyr òg moglegheit for individuell oppfølging (FASIT). Du finn meir informasjon om programma under.

Har du time hos hos Energiteamet PBU møte du opp i Glasblokkene, ved gymsalen.

Besøksadresse:
Haukelandsbakken 15 (kart)
5021 Bergen

Telefon
+47 480 19 012
Telefonen blir hovudsakleg svart på tysdag, torsdag og fredag frå 09:00-14:00, måndag og onsdag frå 09:00-11:00. Utover desse tidene oppmodar me til å senda SMS.

Buss og Bybane

Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsrutar mellom bydelande og sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider. 

Busstoppa rundt Haukeland:
Haukeland nord, Haukeland sør, Ibsensgate, og Ulriksdal.

Nærmaste stoppestad med bybane til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Parkering i Glasblokkene

Det er innkjøyring til Glassblokkene frå Haukelandsbakken, nord for Sentralblokka. Det er tre handikap-parkeringsplassar ved Glassblokkene. Andre besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire handikap-parkeringsplassar. 

Maŋemus ođastuvvon 2025-12-18