Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Lærlingar i helsearbeidarfaget

​​
 

Vi har helsefaglærlingar i dei fleste somatiske avdelingar i sjukehuset, både i Bergen og på Voss. I læretida skal teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter i størst mogleg grad skje knytt til praktiske oppgåver i pasientarbeid. Du får tilgong til unike læringsarenaer og møter pasien

tar i alle aldrar og livssituasjonar.  

For å vera aktuell som søkjar, må du ha følgjande utdanning: 
vg1 helse- og oppvekst 
vg2 helsefagarbeidar 

 

Du må søkje på stilling som lærling når vi lyser ut i løpet av første kvartal. 
 
Du går gjennom ordinær tilsetjingsprosess med søknad via Webcruiter. I eit ev. intervju blir personleg eignaheit vurdert og vi går gjennom karakterar, fråvær og referansar. Vi ønskjer to referansar, gjerne frå praksiserfaring og lærar. Dei som får tilbod om læreplass blir midlertidig tilsett som lærling i Helse Bergen og kan ha læretid både i Bergen og på Voss. 

Som tilsett i helseføretaket må du vera motivert for å lære, interessert i faget og ha evne til å ta ansvar for eiga læring. 

Du skal arbeide ved fleire avdelingar i løpet av læretida for å få breiddekompetanse og forståing av sjukehuset som arbeidsplass.   

Her blir du del av eit godt fagmiljø, og med gode utviklingsmoglegheiter. 
Når du startar i Helse Bergen får du tildelt ein kompetanseplan du skal arbeide med for å oppfylle måla i nasjonal læreplan. Du deltek på felles fagdagar, kurs og internundervisning som ein del av læreløpet. 

  • ​​ta vare på pasienten sine behov for heiskapleg omsorg, ernæring, grunnleggande sjukepleie og miljøarbeid 
  • yte profesjonell helsehjelp 
  • utføre grunnleggande førstehjelp 
  • ivareta pasienttryggleik 
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering 
  • arbeidsoppgåvene vil variere frå avdeling til avdeling 
  • jobbe systematisk med å knytte teori til praksis 
  • kompetanseplan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen 

Seksjon utdanning i forsknings- og utviklingsavdelinga (FoU) har det administrative ansvaret og oppfølgjing gjennom heile læretida.   

Som lærling arbeider du i hovudsak to eller tre-delt turnus med dag, sein og nattevakter, samt 3. kvar helg. Du må rekne med å arbeide heilagdagar.  

Ved nokre avdelingar vil det i hovudsak vera dagtidsarbeid (poliklinikk). 



 

Sjukehuset treng helsefagarbeidarar og det er gode moglegheiter for jobb vidare etter fullført og bestått læretid. Det er også gode vidareutdanningar ved fagskule for deg som ønskjer å bygge vidare på fagarbeidarkompetansen din.

Lærlingkoordinator
Merete Hefte
E-post: helsefagarbeider@helse-bergen.no

Haukeland sjukehus har ikkje tilbod om praksisplassar til elevar på vg1 helse og oppvekstfag i sengepostane.

Det er svært få praksisplassar til elevar på vg2 helsefagarbeidar. Sjå meir info.

 

 

Relevant informasjon:

Maŋemus ođastuvvon 2026-01-22