Førehandssamtalar – dine ønsker for framtidig helsehjelp
Førehandssamtale er ein eller fleire samtalar, mellom deg, helsepersonell og pårørande. Målet med samtalen er å vite kva som er viktig for deg nå, og dine ønsker og behov for vegen vidare. På den måten kan vi hjelpe og støtte deg på best mogleg måte.

Kva er førehandssamtalar?
Førehandssamtale er eit tilbod til alle med alvorleg og uhelbredeleg sjukdom. Det er frivillig å delta i samtalane.
Viktig informasjon frå samtalane kan dokumenterast i samråd med deg. Det kan også lagast ein plan for vidare behandling og pleie ut frå dine ønsker og behov formidla i samtalane.
Ved endringar i sjukdomsforløpet, ønsker og behov kan planen oppdaterast.
Det som blir dokumentert frå førehandssamtalane, er ikkje juridisk bindande og du kan ombestemme deg når som helst.
Kva er dette prosjektet?
Kva vil det innebere for deg som:
Prosjektet er finansiert ved rekrutterings- og samhandlingstilskot utdelt av Helsefellesskapet i Bergensområdet i 2025 Tildelingar 2025 (saman.no), og det er presentert på Saman.no sine nettsider Implementering av forhåndssamtaler – for trygge pasientforløp.