Endre eller avbestille time
Du kan sjekke timeavtalene dine og skrive meldingar til sjukehuset via helsenorge.no
Innkallingsbrev på helsenorge.no
Dersom du får innkallingsbrev frå sjukehuset på helsenorge.no, kan du sende ei elektronisk melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar.
Du får denne moglegheita når du opnar innkallingsbrevet i innboksen din på helsenorge.no, der du har tilgang til ein svarknapp. Du kan bruke svarknappen for å gi beskjed om at oppsett tid ikkje passar. Det betyr at du kan gi beskjed digitalt dersom du treng å endre tidspunkt eller ønskjer å avbestille timen din, i staden for å ringe.
Logg deg inn for å
- Få oversikt over dine timeavtalar
- Lese viktige opplysningar om timen din og eventuelle førebuingar
- Sende ei melding til avdelinga du har time hos (ikkje røntgen)
- Sjå status på tilvisinga (ikkje røntgen)
Gebyr dersom du ikke møter opp
Dersom du ikkje kjem til timen du har fått, og du ikkje har gitt beskjed seinast 24 timar i forvegen, må du betale eit gebyr etter gjeldande takstar (helsenorge.no).
Hugs å gi beskjed i god tid dersom du ikkje kan komme på timen.
Innsyn for pårørande
Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, kan du også få innsyn i timane deira. Du logger deg inn på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til barnet ditt. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalene til barnet.
Fortsatt brev i posten
Du vil fortsatt få innkallingsbrev i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.