Mnazi Mmoja Hospital
Zanzibar
Mnazi Mmoja Hospital (MMH) er eit tilvisings- og universitetssjukehus med ei sengekapasitet på 776 fordelt på tre campusar. Hovudcampusen MMH er lokalisert i Stone Town og har 646 senger, medan Mwembeladu Maternity Home har 30 senger, og Kidongo Chekundu Mental Hospital (KCH) har 100 sengeplassar.

Foto: Arne Ristesund
MMH tilbyr spesialisthelsetenester og betener hovudsakleg innbyggjarane på Zanzibar, som er estimert til over 1,89 millionar menneske.
Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har hatt aktive partnarskap på Zanzibar sidan 2010, først med blodbanktenestene ved Zanzibar National Blood Transfusion Services (ZNBTS) og seinare med MMH og KCH.
Grunna høg prosjektaktivitet på Zanzibar og målet om eit langvarig partnarskap, vart det i 2011 beslutta å bygge eit Haukeland House kor tilsette frå HUS kunne bo medan dei jobba i prosjekta. I januar 2012 vart grunnsteinen lagd av Presidenten på Zanzibar og Noregs helseminister, Anne-Grete Strøm-Erichsen, og allereie same haust stod bygget ferdig med åtte leilegheiter.
Fleire avdelingar på HUS har hatt samarbeidsprosjekt på Zanzibar. I dag er det hovudsakleg Barne- og Ungdomsklinikken, Medisinsk Klinikk, Divisjon for Psykisk Helsevern, Kvinneklinikken og Økonomiavdelinga (hospital management) som har aktive prosjekt.