Lær om kliniske studiar under Forskingsdagane

Velkomen til seminar om kliniske studiar i samband med Forskingsdagane!

Passert
24.
september
2024
  1. 24. sep. 2024, 16:30 - 18:00

Tid og stad

Når

  1. 24. sep. 2024, 16:30 - 18:00

Arrangør

NorTrials Legemiddelindustrien

Kvar

Grand Hotell Terminus, Bergen.

Kliniske studiar er forsking som gir oss kunnskap om tryggleik og effekt av ein ny type førebygging, behandling eller rehabilitering. Det vil seie at ein undersøker kor trygt det er, og korleis det verkar på menneske. Kliniske studiar er forsking som går føre seg på sjukehus, hos fastlegen eller i andre helseinstitusjonar, og som kan involvere både friske menneske og pasientar.

Program: Du vil få høyre frå nokre av dei fremste legane i Noreg, pasientar, pasientforeiningar og representantar frå legemiddelindustrien. Dei vil fortelje meir om kva kliniske studiar er, kva det betyr å vere med på kliniske studiar, og kvifor det er viktig at fleire pasientar får høve til å delta i denne typen forsking.

Du møter:

  • Kjell-Morten Myhr, Haukeland universitetssjukehus og NorTrials Hjernehelse
  • Lemia Boussaada, Parkinsonforbundet
  • Reidun Tjønn Rinde, Bergen MS-foreining
  • Elisabeth Næss, MSD
  • Ina Dahlsveen, Legemiddelindustrien (LMI)

Enkel servering frå 16:30
Program frå 17:00-18:00
Gratis deltaking