A
- Akuttmedisinsk avdelingAkuttmedisinsk avdeling har ansvar for ambulansedrift og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK). Ambulansedrift omfattar bil-, båt-, og luftambulanseteneste. Vi driv opplæring innan ambulansefaget både for akuttmedisin og køyreopplæring.
- AkuttmottakI Akuttmottak tar vi imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller dei kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
- Akuttmottak, VossAkuttmottak tek imot pasientar for øyeblikkeleg hjelp og planlagde innleggingar. Lokale til Voss legevakt ligg i tilknyting til Akuttmottak. Når du kjem til Voss sjukehus brukar du inngangen og venterommet til Poliklinikken.
- Akuttpost barn og ungeAkuttpost er ein akuttpost for barn og unge under 18 år med psykiske vanskar, innlagt frivillig eller under tvang.
- Akuttposten, MottaksklinikkenAkuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller abstinensbehandling. Gjennomsnittleg opphaldstid er kring 24 timar (maksimal opphaldstid er 48 timar).
- AlderspsykiatriAvdeling alderspsykiatri gir spesialisert helsetilbod til menneske med psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen.
- Allergi- og lungepoliklinikk, barn og ungeVi greier ut og behandlar generelle medisinske tilstandar hos barn frå 0–18 år knytt til infeksjonar, allergi og lungesjukdommar.
- ALS-klinikkenNevropoliklinikken ved Haukeland universitetsjukehus starta ALS-klinikken i 1990. Klinikken er eit tverrfagleg tilbod til pasientar med sjukdommen ALS og deira pårørande.
- AmbulanseAmbulansetenesta i Akuttmedisinsk avdeling (AMA) handterer mellom 50.000 og 60.000 ambulanseoppdrag i året.
- Ambulant akutteam ved Øyane DPSAmbulant Akutteam (AAT) tilbyr sine tenester til den vaksne befolkninga i Øyane DPS sitt opptaksområde, kommunane Askøy og Øygarden.
- Ambulant akutteam, KronstadAmbulant akutteam er ei poliklinisk teneste som gir tilbod om akutt psykisk helsehjelp til personar over 18 år innan Kronstad DPS sitt opptaksområde; Årstad, Bergenhus og Ytrebygda bydelar.
- Ambulante tenesterAmbulante tenester tilbyr barn og unge med psykiske vanskar heimebasert behandling, i samarbeid med den lokale poliklinikken for barn og unge med psykiske vanskar (BUP).
- AMKAkuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) har som hovudoppgåve å ta i mot nødmeldingar til medisinsk nødtelefon (113). I dette ligg også igangsetting og oppfølging av aksjonar. AMK mottar ca. 45.000 telefonar til 113 per år. Vidare mottar AMK melding om alle akutt hjelp-innleggingar (ØH) til somatiske avdelingar i Helse Bergen. AMK er eit viktig kommunikasjonsknutepunkt, særleg for publikum, men også mot ambulansetenesta og helsevesenet elles. AMK er bemanna av sjukepleiarar og ressurskoordinatorar heile døgnet.
- AnafylaksiregisteretAnafylaksiregisteret er eit kvalitetsregister tilhøyrande Haukeland universitetssjukehus. Registeret har som mål å auke kunnskapen om anafylaksi og betre helsetenesta for dei som blir ramma. Alle anafylaktiske reaksjonar kan meldast til registret - som reaksjonar mot anestesi og andre legemiddel, mat, insektsstikk eller andre allergen.
- Arbeidsmedisinsk poliklinikkArbeidsmedisinsk poliklinikk utgreier arbeidsrelaterte sjukdomar. Vi bidrar til å førebygge sjukdom og fremme god helse ved å spreie og auke kunnskap om samanheng mellom helse og kjemiske, biologiske, fysiske og psykososiale miljøfaktorar.
- Arbeidsmiljø- og personalrådgivingSeksjonen bistår foretaket i arbeidet med å skape godt arbeidsmiljø og god personalpolitikk. Vi rådgir innan organisatorisk og psykososialt arbeidsmiljø, god personaloppfølging, systematisk HMS-arbeid, HR og arbeidsrett. Bedriftshelsetenesta er eit eige team i seksjonen.
- ArealforvaltningAvdelinga har to einingar, Arealkontoret og Bustadkontoret. Arealkontoret har ansvar for arealplanlegging og tildeling av areal med utgangspunkt i arealdelplanen til Helse Bergen HF. Avdelinga forhandlar og følgjer opp interne og eksterne leigeavtalar, har ansvar for kjøp og sal av eigedom, og all skilting i føretaket. Bustadkontoret er ansvarleg for utleige, drift og vedlikehald av alle bustader til helseføretaket.
- Auge operasjonI operasjonsavdelinga gjer vi operasjonar i auget både i narkose og lokal bedøving. Overvaking dei første timane etter narkose skjer også i Augebygget. Ved dagkirurgiske operasjonar går du heim etter utført inngrep, og ved større inngrep kan det vere aktuelt med overnatting i sengepost eller pasienthotell. Klargjering til operasjon skjer i dagkirurgisk avdeling i 1. etasje eller dagpost i 3. etasje, meld deg i resepsjonen så vert du vist vidare til rett stad.
- Auge poliklinikkI Auge poliklinikk blir det utført ulike augemedisinske undersøkingar og behandlingar for pasientar i alle aldersgrupper. Pasientar kjem også for tilpassing og vedlikehald av augeprotesar, infusjonsbehandling, førebuingar til planlagt operasjon i narkose og vi har eit eige vaktteam for pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp.
- AugeavdelingaAugeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skader hos born og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp. Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hode-hals og kjeve. I tillegg til pasientbehandling underviser me studentar, og utdannar augespesialistar for framtida.
- Avansert heimesjukehus for barn og ungeAvansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.
B
- BalanselaboratorietBalanselaboratoriet er ein del av Øyre-nase-halsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus og er eit spesiallaboratorium for utgreiing av sjukdommer i balanseapparatet. Laboratoriet får tilvist pasientar frå heile landet til utgreiing. Laboratoriet undersøker ca. 1000 pasientar årleg.
- Barne- og ungdomsklinikkenBarne- og ungdomsklinikken har årleg om lag 4000 pasientar i alderen 0 til 18 år innlagt, og avdelinga har mellom 20.000 og 25.000 polikliniske pasientkonsultasjonar årleg. Vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av barnesjukdommar. Den 23. oktober 2023 flytta heile klinikken inn i Glasblokkene.
- Barne- og ungdomsklinikken, dagpostEininga vert oppretta ved innflytting i Glasblokkkene 23. oktober 2023.
- Barne- og ungdomsklinikken, Medisin AAvdelinga er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med sjukdomstilstandar innan følgande fagfelt; endokrinologi og metabolisme, gastroenterologi og ernæring, nefrologi og reumatologi og nevrologi.
- Barne- og ungdomsklinikken, Medisin BAvdelinga er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi jobbar med utgreiing og behandling av barn med sjukdomstilstandar innan hematologi og onkologi.
- Barne- og ungdomsklinikken, Medisin CVi jobber med utgreiing og behandling av barn med infeksjonssjukdommar, lungesjukdommar, hjartesjukdommar og akuttmedisinske tilstandar. Avdelinga er ein døgnopen sengepost for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Seksjon for infeksjon, lungesjukdommar og akuttmedisin er knytt til Medisin C.
- Barne- og ungdomsklinikken, MottakMottaket er døgnope, og tar imot alle medisinske pasientar under 18 år. Vi har ansvar for å ta imot, og å stabilisere pasientar med akutte tilstandar. Frå våren 2024 vil dette også inkludere dei fleste kirurgiske barn og unge.
- Barne- og ungdomsklinikken, nevrologipoliklinikkHos oss blir barn med sjukdomar i nervesystemet greidd ut og behandla. Forseinka utvikling, utviklings-forstyrringar, CP og epilepsi er blant tilstandane som vert greia ut og behandla.
- Barne- og ungdomsklinikken, NyføddintensivSjuke nyfødde barn blir overflytta til vår avdeling frå Kvinneklinikken og frå andre sjukehus. Avdelinga er ein døgnopen sengepost for sjuke nyfødde og for tidleg fødde barn.
- BarnehagarHelse Bergen har fire barnehagar der tilsette kan søke om plass for barna sine. Barnehagane tar imot barn frå 1-6 år, og til saman har vi plass til rundt 250 barn.
- BarnekirurgenBarnekirurgen på Haukeland universitetssjukehus tar i mot barn og unge i alderen 0-18 år. På avdelinga har vi seks ulike spesialitetar; Øyre-nase-halskirurgi, kjevekirurgi, ortopedi, plastikkirurgi og generell kirurgi med urologi og gastrokirurgi. Avdelinga høyrer inn under Barne- og ungdomsklinikken.
- BarneklinikkenBarneklinikken er no ei del av Barne- og ungdomsklinikken. Sjå Barne og ungdomsklinikken si nettside for meir informasjon.
- BarnepostBarneposten er ein femdøgns sengepost for utgreiing og behandling av barn frå 0-13 år med psykiske utfordringar. Eit tverrfagleg team rettleier barn og foreldre til å mestre utfordringane. Det er dei lokale barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkane (BUP) som søker om innlegging i samarbeid med foreldra og barnet.
- BarselpoliklinikkNybakte mødrer og nyfødde får oppfølging ved Barselpoliklinikken eller heime av den lokale helsestasjon
- Bedriftshelsetenesta - BHTBedriftshelsetenesta (BHT) bistår Helse Bergen i arbeidet med å skape sunne og trygge arbeidsplassar.
- BehandlingshjelpemiddelVi formidlar og låner ut medisinsk-teknisk utstyr til pasientar som får utstyr med heim etter opphald i sjukehus eller poliklinikk.
- Bemanningsløysingar og tarifforhandlingarSeksjonen si oppgåve er å gi leiarar i Helse Bergen bistand til god og forsvarleg forvalting av personellressursar.
- BemanningssenteretVi er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Vi har ansvar for rekruttering og oppfølging av tilkallingsvikarar i Helse Bergen. Arbeidsforhold blir tilpassa etter ønskje frå avdelingar og den enkelte. Du kan få utvida stillingsprosenten din gjennom stilling hos oss i Bemanningsenteret. Arbeid for Bemanningsenteret vil då komme i tillegg til ordinær stilling og tilpassa turnus. All leige av helsepersonell frå eksterne vikarbyrå blir formidla gjennom oss.
- Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe - KKFormålet med forskinga er å få betre kunnskap om korleis underlivskreft oppstår og utviklar seg, og dermed kunne gje ei betre og meir målretta behandling for kvar enkelt pasient. Bergen gynekologiske kreftforskingsgruppe vert leia av professor Camilla Krakstad, og omfattar leger, cellebiologar, bioingeniørar, farmasøyt, veterinær, fysikar og studiesjukepleiarar.
- Biobank HaukelandBiobank Haukeland er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen. Biobanken har som overordna mål å auke kvaliteten i forskingsprosjekta ved dei to institusjonane, blant anna ved å samle alt biobankmateriale i eitt lokale. Biobank Haukeland er organisert som ei eiga eining i Laboratorieklinikken.
- Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi tilbyr poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og akutt hjelp.
- Bjørgvin DPS dagbehandling, KnarvikDagbehandlinga ved Bjørgvin DPS blir gitt som ulike gruppetilbod både i Knarvik og på Tertnes, og er organisert som ein del av poliklinikk eller sengepost. Dette fordi gruppetilbodet vanlegvis er ei forlenging av eit døgnopphald eller som ein del av poliklinisk behandling, men det kan og vere eit eige behandlingstilbod.
- Bjørgvin DPS dagbehandling, TertnesDagbehandlinga ved Bjørgvin DPS blir gitt som ulike gruppetilbod både på Tertnes og i Knarvik og er organisert som ein del av poliklinikk eller sengepost. Dette fordi gruppetilbodet vanlegvis er ei forlenging av eit døgnopphald eller som ein del av poliklinisk behandling, men det kan og vere eit eige behandlingstilbod.
- Bjørgvin DPS døgnbehandlingBjørgvin DPS har fire sengeposter (seksjonar), der alle er lokalisert på Tertnes. Dei har ulike funksjonar og gir tilbod til pasientar med ulike behov for behandling. Ein av seksjonane (C1) er ein allmennpsykiatrisk sengepost som for det meste tek imot pasientar frå akutteininga på sjukehuset og frå dei to allmennpsykiatriske poliklinikkane på Tertnes og Knarvik.
- Bjørgvin DPS poliklinikk, KnarvikPoliklinisk behandling er behandling av pasientar som ikkje er innlagt. Bjørgvin DPS har tre poliklinikkar. Ein er lokalisert i Knarvik i Nordhordland og to på Tertnes i Åsane.
- Bjørgvin DPS poliklinikk, TertnesPoliklinisk behandling er behandling av pasientar som ikkje er innlagt. Bjørgvin DPS har tre poliklinikkar. Ein er lokalisert i Knarvik i Nordhordland og to på Tertnes i Åsane.
- Blodbanken Helse BergenBlodbanken i Helse Bergen er den største blodbanken på Vestlandet fordelt på Haukeland sjukehus, Blodbussen og Voss sjukehus. Det er over 100 tilsette ved avdelinga, og vi har både bioingeniørar, sjukepleiarar, helsesekretærer, legar, kontorpersonale og assistentar. Vi har fått app. Den finner du ved å søke Blodbanken der du laster ned apper. Der finner du også meir informasjon om blodbussen.
-1
Side1av 9
3