Innlegging av barn i Augeavdelinga

Alle barn som treng augeoperasjon blir operert i narkose, og nokre barn får og gjort undersøking i narkose. Ved akutt skade eller sjukdom i auget blir også nokre barn innlagd i sengepost eller pasienthotell.

Interiør lekerom med bord og stoler for barn, tavle, lekekjøkken, TV og barnebilder på vegg. Foto
Augeavdelinga har leikerom i 3. etasje, i tillegg er det ein leikekrok i 2. etasje.
Barn under 16 år blir innlagd i barnekirurgisk sengepost, barn over 16 år blir innlagd i vaksenpost for hovud-hals, kjeve og auge. Barn skal ha med seg ein føresett under opphaldet i Augeavdelinga. ​I nokre tilfelle kan barn og føresett bu på pasienthotellet, dette vil du få informasjon om ved innlegging.

Planlagd innlegging for narkose

I innkallingsbrevet finn de informasjon om oppmøtedag og tidspunkt.
 
Oppmøte er i Augeavdelinga både for dei som skal bu på pasienthotell og dei som skal innleggast i ein sengepost. I vår dagpost i 3. etasje blir du tatt imot av sekretær og sjukepleiar, og får informasjon om plan for dagen. 
De må rekne med noko venting innleggingsdagen då de skal ha samtale med sjukepleiar, augelege og anestesipersonale. Etter alle samtalar og undersøkingar kan ein gå heim eller til pasienthotellet, og så møter barnet fastande til operasjon neste dag.

Akutt innlegging 

På vekedagar fram til kl. 19.00 blir barnet og føresette tatt imot av eit vaktteam med sjukepleiar, vaktlege og sekretær i 3. etasje i Augebygget.
 
På kveld etter kl. 19.00 og i helg/høgtid møter ein etter nærmare avtale i Akuttmottak i Sentralblokka for innlegging. Her blir barnet undersøkt av vaktlege i sengepost for hovud-hals, kjeve og auge i 5. etasje. Akuttkirurgi på kveld/helg/høgtid foregår i Glasblokkene, du får informasjon av din behandlar om dette.

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål angående ein planlagd innlegging eller behov for å endra time, kontakt Augeavdelingas telefonsentral 55 97 41 00 . ​​
Sist oppdatert 04.03.2024