Kva gjer ein LIS-lege i Augeavdelinga?
Legar på Augeavdelinga diagnostiserer, behandlar og førebyggjer sjukdommar i auge og synsbanar. Me nyttar mykje medisinsk-teknisk og foto-teknisk utstyr, og ein lege i spesialisering får tidleg erfaring med dei vanlegaste sjukdomane i auget.

Lege i spesialisering (LIS)
Legar på Augeavdelinga diagnostiserer, behandlar og førebyggjer sjukdommar i auge og synsbanar. Ofte leitar ein etter samband til andre tilstandar i kroppen. Augefaget er både medisinsk og kirurgisk, me nyttar mykje medisinsk-teknisk og foto-teknisk utstyr, og ein lege i spesialisering får tidleg erfaring med dei vanlegaste sjukdomane i auget.
Avdelinga er delt inn i 7 seksjonar som LIS får opplæring i:
- Okuloplastikk
- Kornea
- Glaukom
- Katarakt
- Barn/strabisme
- Kirurgisk netthinneseksjon
- Medisinsk netthinneseksjon.
Dei fleste pasientar kan behandlast poliklinisk på dagtid, men avdelinga disponerer også 6 senger i sengeplassar i Klinikk for Hode/Hals i Sentralblokka. For handtering av pasientar med akutt oppstått sjukdom eller skade har avdelinga eit vaktteam som samarbeider med vakthavande lege om øyeblikkelig hjelp. Vaktteam består av lege, sjukepleiar og sekretær fram til kl 19 i Augebygget på vekedagar. Etter kl 19 og i helg/høgtid foregår vaktarbeidet i sengepost i 5.etg sentralblokka, her er eit fullt utrusta augelegekontor og legen får støtte frå sengepostpersonalet ved behov.
Det er alltid bakvakt tilgjengeleg for vakthavande lege. På dagtid fram til kl16 har me 2 LIS-legar som handterar vaktberedskapen. Frå kl 16 og fram til neste dag, vert vakta handtert av den LIS-legen som har langvakt.
Me har solid tradisjon med å støtta kvarandre når ein er ny og banka på dørene til kvarandre for å diskutera.
Sommervikarar:
Me pleier å ta inn 2-3 sommarvikarar kvart år ved legeseksjonen.
Sommarvikarane deltek i drifta med polikliniske konsultasjonar, vaktteneste og arbeid på sengepost.
Dei to første vekene i tilsetjinga er dedikerte til opplæring i praktisk undersøkingsteknikk og korleis ein skal handtera dei vanlegaste diagnosane ein møter på augeavdelinga.
I tillegg har me ei heil overlegestilling (LIBERO-lege) som er øyremerkt for å vere tilgjengeleg for LIS-lege og sommervikarar ved behov for bivurderingar og avklaringar på dagtid gjennom heile sommerperioden.