Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva gjer ein LIS-lege i Augeavdelinga?

Legar på Augeavdelinga diagnostiserer, behandlar og førebyggjer sjukdommar i auge og synsbanar. Me nyttar mykje medisinsk-teknisk og foto-teknisk utstyr, og ein lege i spesialisering får tidleg erfaring med til eksempel småkirurgi og laserbehandling.

Diagram

Lege i spesialisering (LIS)

Legar på Augeavdelinga diagnostiserer, behandlar og førebyggjer sjukdommar i auge og synsbanar. Ofte leitar ein etter samband til andre tilstandar i kroppen. Augefaget er både medisinsk og kirurgisk, me nyttar mykje medisinsk-teknisk og foto-teknisk utstyr, og ein lege i spesialisering får tidleg erfaring med til eksempel småkirurgi og laserbehandling. 

Avdelinga er delt inn i 7 seksjonar som LIS får opplæring i: 

  • Okuloplastikk
  • Kornea
  • Glaukom
  • Katarakt
  • Barn/strabisme
  • Kirurgisk netthinneseksjon 
  • Medisinsk netthinneseksjon.

Dei fleste pasientar kan behandlast poliklinisk på dagtid, men avdelinga disponerer også 6 senger i sengeplassar i Klinikk for Hode/Hals i Sentralblokka. For handtering av pasientar med akutt oppstått sjukdom eller skade har avdelinga eit vaktteam som samarbeider med vakthavande lege om øyeblikkelig hjelp. Vaktteam består av lege, sjukepleiar og sekretær fram til kl 19 i Augebygget på vekedagar. Etter kl 19 og i helg/høgtid foregår vaktarbeidet i sengepost i 5.etg sentralblokka, her er eit fullt utrusta augelegekontor og legen får støtte frå sengepostpersonalet ved behov.

Det er alltid bakvakt tilgjengeleg for vakthavande lege, og i tillegg øyremerkjer me ei heil overlegestilling (Libero-lege) som skal vera tilgjengeleg for LIS og ferievikarane ved behov for bivurderinger og avklaringar på dagtid.

Me har solid tradisjon med å støtta kvarandre når ein er ny og banka på dørene til kvarandre for å diskutera. 

Sommervikarar:

Me pleier å ta inn to sommarvikarar kvart år ved legeseksjonen.
Sommarvikarane inngår i drifta med polikliniske konsultasjonar, vaktdeltaking og postarbeid. 
Dei to første vekene i tilsetjinga er dedikerte til opplæring i praktisk undersøkingsteknikk og korleis ein skal handtera dei vanlegaste diagnosane ein kjem i kontakt med i augeavdelinga.

 

Sist oppdatert 16.10.2024