Kva gjer ein optikar i Augeavdelinga?
Optikar gjer synsundersøkingar og målingar, fototekniske undersøkingar, forundersøking og etterkontroll av kataraktpasientar, kontroll og oppfølging av barn, refraktiv utgreiing, tilpassing av spesielle kontaktlinser, og bidrar i utvikling av fagprosedyrer
Optikarar/optometristar ved augeavdelinga har ei sentral rolle i det kliniske arbeidet, der dei samarbeider tett med augelegar, sjukepleiarar og anna helsepersonell for å sikre ei grundig og heilskapleg behandling og diagnostikk av pasientane.
- Ei av våre hovudoppgåver er å gjennomføre forundersøkingar før pasientane blir undersøkt av augelege. Dette inneber synsundersøkingar og ulike målingar som er nødvendige for at legen kan stille ei korrekt diagnose og planleggje vidare behandling.
- Forundersøking og etterkontrollar av pasientar som har gjennomgått kataraktkirurgi er også ei viktig oppgåve, der vi vurderer synet og eventuelle postoperative utfordringar.
- Optikarane/optometristane tilpassar også spesialiserte kontaktlinser for pasientar med komplekse korneale tilstandar, som keratokonus. Me har og ansvar for brillevurderingar og synsundersøkingar for barn, der tidleg oppdaging av synsproblem er avgjerande for vidare utvikling.
- Optikar nyttar avansert diagnostisk utstyr som OCT, funduskamera, spaltelampe og Pentacam for bilettaking av netthinna og hornhinna. Desse bileta er kritiske for å kunne overvake tilstandar som til dømes diabetisk retinopati, og vi rapporterer funna vidare til ansvarleg lege for vidare vurdering.
- ERG-undersøkingar (elektroretinografi) er ei anna oppgåve optiker har ansvar for i lag med spesialopplært sjukepleiar, der me vurderer funksjonen til netthinna hos pasientar med ulike augeproblem. Her er det eit tett samarbeid med augelegane for å sikre at pasientane får ei nøyaktig vurdering og rask oppfølging basert på resultata frå undersøkinga.
- Fagutvikling i form av opplæring i bruk av utstyr og augefaglege prosedyrer for sjukepleiarar og anna personell er og ein integrert del av rolla som optiker i Augeavdelinga. Me er og involvert i utvikling av prosedyrer og faglege rutiner i avdelinga.
Sist oppdatert 16.10.2024