-
På grunn av vegarbeid er innkjøringa til Augebygget stengd mellom 10.juli og 23.juli 2026Du kan gå i gangtunnel frå Haukeland Hotell til Augebygget - følg merka rute. Det er og mogleg å gå gangveg mellom Årstad Kirke og Augebygget. Timen din går som planlagt. Rekn med ekstra tid for å finne fram.Stenging av vei Augebygget
Kva gjer ein ortoptist i Augeavdelinga?
Ein ortoptist undersøkjer, diagnostiserer og behandlar tilstandar som skjeling, dobbeltsyn og samsynproblem hos pasientar i alle aldersgrupper frå nyfødde til eldre.

Ein ortoptist i augeavdelinga undersøkjer, diagnostiserer og behandlar tilstandar som skjeling, dobbeltsyn og samsynproblem. Me arbeider med pasientar i alle aldersgrupper, frå nyfødde til eldre, og behandlinga kan ofte krevja tett oppfølging over lang tid, spesielt hos barn.
Ordet ortoptist kjem frå gresk og er sett saman av “Ortho” (rett) og “Opsis” (å sjå), som betyr “rett syn”. Ortoptisten speler ei viktig rolle i behandling av komplekse synsforstyrringar, og er autorisert helsepersonell med utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå.
I det daglege arbeidet vårt samarbeider me tett med augelegar, optikarar, synspedagogar, helsesøstrer, nevrologar, barnelegar og PPT for å sikra ei heilskapleg behandling av pasientane. Ortoptistens kompetanse er spesielt viktig for å hjelpa pasientar med tilstandar som skjeling, samsynproblem eller dobbeltsyn, som ofte krev spesialisert oppfølging og behandling.
Bli med Alfred til augelege og ortoptist