Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva gjer ein sjukepleiar i Augeavdelinga?

I Augeavdelinga jobbar både sjukepleiarar, operasjonssjukepleiarar og augesjukepleiarar.

En gruppe mennesker i kirurgiske skrubb i et rom

I Augeavdelinga jobbar både sjukepleiare, operasjonssjukepleiare og augesjukepleiare. Som nyansatt sjukepleiar i Augeavdelinga får du god opplæring i dei augefaglege oppgåvene du skal gjere. Oppgåvene er varierte og gir fagleg utvikling. Medisinsk-teknisk utstyr er i bruk dagleg. 

Poliklinikk (bemanna kvardagar kl 0730-1530) 

Sjukepleiare gjer ulike forundersøkinger, augemålinger og behandlingar:

Visus er en synsundersøkelse med autorefraktor og forroptor, der blir målt augetrykk, utført fargesynstest og administrert augedråpar. Mange av våre pasientar får pupilledilaterande augedråper, noko som kan være nødvendig for videre undersøking og behandling.

En mann som sitter i en stol ved siden av en mann i hvit skjorte
Synstest (visus)

Autoperimetri, er ei undersøking av synsfeltet til pasienten. Denne undersøkinga blir ofte brukt i samband med spørsmål om førarkort og som del av utgreiing og oppfølging av pasientar med ulike augesjukdommar.  

En mann og en kvinne på et kontor
Synsfeltundersøking
  • Biometri (undersøking av augets ulike deler)

Biometri er ei undersøking av auget som blir utført før ein pasient blir operert for f.eks grå stær (katarakt). Her blir augets ulike delar målt, og kva for ei linse som skal settjast inn i auget blir utmålt.

Fluorecein er ei undersøking som blir gjort på fotoavdelinga saman med fotograf/optikar. Dette er ei kontrastundersøking av auget som blir brukt i diagnostikk. I forkant av sjølve angiografi undersøkinga, vil pasienten få innlagt eit perifert venekateter.

  • Trykkmålingar

Trykkmåling av auget med iCare tonometer.

En person som holder en telefon
Måling av augetrykk
  • Intravitreale injeksjonar (injeksjonar i pasienten sine auge og assistering)

Å assistera på injeksjon er noko alle sjukepleiare i avdelinga bidreg til. Her får man god opplæring om sterile prosedyrar og oppdekking som blir brukt i behandlinga. Legar og sjukepleiarane med spesialopplæring utfører injeksjonen. 

Et par kirurger som utfører kirurgi
Klargjering til injeksjon i auget
  • Oppfølging av pasientar med augeprotese

Protesestell og protesetilpassing blir utført av nokre sjukepleiarar etter spesialopplæring.

  • Tar del i vaktteam (kl 12-19)

Vakthavande lege, sjukepleier og sekretær i team samarbeidar om å handtere augepasientar til øyeblikkelig hjelp. Dette kan vere ulike akutte skadar eller augesjukdom, og pasientar henvises frå legevakt, avtalespesialistar, optikarar, eller fastlege. 

  • ERG (elektroretinografi) undersøking av auget

Ein metode for å registrere spenningsvariasjon i auget når netthinna blir påverka av lys.

Dagpost (bemanna kvardagar kl 0715-1700)

  • Førebuing og klargjering av pasientar til elektive og øh operasjonar
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til kirurgiske dagpasientar og inneliggjande pasientar
  • Følgje pasientar til ulike undersøkingar, og til og frå auge operasjon. 
  • Prepol til elektiv narkose
  • Infusjonspoliklinikk
  • Suturfjerning og blodprøvetaking for elektive og øh pasientar
  • Oppgåver knytta til studiepasientar (forskingsstudiar)
En lege som sjekker pasientens blodtrykk
Infusjonspasient 

Operasjon og dagkirurgi:

  • Assistanse ved kirurgi
  • Pre-, per- og postoperativ sjukepleie til operasjonspasientar

Ved dagkirurgisk eining (1etg)  får sjukepleiare opplæring i å assistera ved operasjon, i operasjons einiga (2etg) er det operasjonssjukepleiare som assisterar ved operasjonane. 

Leger på sykehusrom
Dagkirurgisk operasjon av grå stær 

Oppgåvedeling lege/sjukepleier

  • Utføring av intravitreale injeksjonar etter spesialopplæring
  • Vurdering av augebunnsfoto av diabetespasientar
  • ERG undersøking av auget

 

Sist oppdatert 16.10.2024