Statped - statleg spesialpedagogisk teneste
Barn, unge og vaksne med synshemming treng tilrettelegging for å kunne utnytte ressursane sine. Statped er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å sikre likeverdig opplæring og eit inkluderande læringsmiljø. Me tilbyr læringsressursar, rettleiing, utgreiing og kurs.
Born med synsvanskar
Elevar med synsvanskar skal ha same muligheit som andre til å utvikle seg og lære, og til å nå kompetansemåla i Kunnskapsløftet. Tidleg støtte og hjelp er viktig for å sikre ei god utvikling hos born med synstap.
Synstap hos vaksne
Opplæring i kompenserande ferdigheiter eller bruk av teknologi og hjelpemiddel er viktig for å meistre dagleglivets aktivitet med eit synstap.
Kombinert syns- og hørseltap og døvblindhet
Statped utgreiar kombinerte sansetap, og gjer råd, rettleiingg og informasjon til kommunar og fylkeskommunar, brukarar og deira pårørande
- Augeavdelinga kan tilvise direkte til Statped, men kun ved behov for strakstiltak - til dømes ved nyoppdaga alvorleg sansetap eller erverva hjerneskade.
- Øvrige tilvisingar til Statped skal gå gjennom kommunens PP-teneste (Pedagogisk-psykologisk teneste), melding sendast til kommunen si Koordinerande eining.
Sist oppdatert 16.01.2024