Synstelefonen

Synstelefonen er eit samarbeid mellom Norges Blindeforbund og Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, og skal vere eit lågterskeltilbod til heile den norske befolkninga. Ordninga er forlenga til utgangen av februar 2024(i første omgang).

Poortrett av sjukepleiar Anette Særvold

Den erfarne sjukepleiaren Anette Særvold, svarer telefonen fredagar frå 09:00 til 11:45 og frå 12:30 til 15:00

 
Telefonnummeret er 55 97 80 80 og linja er åpen fredagar kl 09:00-11:45 og kl 12:30-15:00
 
Synstelefonen er ei teneste der personar kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar.
 
Personar som har spørsmål på eigne vegne, men og pårørande og andre, kan bruke tilbodet. 
 

Tips gjerne pasientar om denne moglegheita!

 

​Synstelefonen er finansiert av Norges Blindeforbund sitt forskingsfond og er eit prøveprosjekt som varer ut februar 2024.
 
 
OBS! Når ein ringer Synstelefonen blir det registrert anonyme opplysningar for å betre tenesta. Ingen opplysningar kan knyttast til innringar.

 

Sist oppdatert 15.05.2023