Overgang frå barn til vaksen

Som ungdom står du midt mellom det å vere barn og vaksen. Vi på sjukehuset ønskjer at du gradvis skal bli meir sjølvstendig og involvert i behandlinga di, og at du skal vere godt førebudd og få ein god overgang til vaksenavdelinga når du blir 18 år. Vi har blant anna laga ei sjekkliste som kan hjelpe oss å gi deg tilpassa oppfølging.

Portrett ung jente i Ungdomsrådet. Foto

Sjekklista skal vere eit hjelpemiddel for deg, slik at du blir meir bevisst på kva du kan og ikkje kan om eigen sjukdom, og kor sjølvstendig du er i forhold til å ta vare på di eiga helse. Den skal også vere eit hjelpemiddel for behandlaren din, slik at han eller ho kan hjelpe deg på best mogleg måte.

Sjekklista er laga som eit skjema. Skjemaet blir ein del av journalen din slik at både du og behandlarar vil ha tilgang. Du fyller ut skjemaet i forkant av timeavtalen din. Foreløpig er skjemaet berre tilgjengeleg for ei utvald diagnosegruppe. Dersom du høyrer til denne diagnosegruppa, vil du få meir informasjon om dette av behandlar.

Pålogging for pasientar

Barn og unge på sjukehus

​Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les tips og råd for barn og unge
Portrett av ung jente. Foto

Barn og unge som pårørande

Når ein familiemedlem blir alvorleg sjuk inneber det ofte endring i livssituasjonen til heile familien. I slike situasjonar er det viktig at vaksne er merksame på korleis barna og dei unge har det. Her har vi samla råd og tips som vi håpar kan vere til hjelp.
Les meir om barn som pårørande
barnehand-vaksen-860.jpg

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
Les meir om ungdomsrådet
Ungdomsrådet_oppstart_1.jpg
Sist oppdatert 06.10.2023