Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik foregår eit dagkirurgisk inngrep for barn og unge ved øyre-nase-hals

Her kan du sjå ein bildeserie som viser kva som skjer under dagkirurgiske inngrep for barn og unge, øyre–nase–hals. Gå gjerne gjennom bileta saman med barnet på førehand, slik at de er så godt førebudde som mogleg før inngrepet.

Sjå illustrasjonar legen brukar for å forklare barnet kva som skal skje før og under operasjonen (PDF)

 

Når du kjem til oss, så før du først snakke med lege og sjukepleiar.
Kjøp bedøvingsplaster som du kan legge på begge hendene dine.Når du kjem får  du eit armband med namnet ditt på.
Du får byte til sjukehusklede. 
Foreldra dine/føresette følger deg inn på operasjonsstua.
På operasjonsstua vel  du kva du vil sjå på TV.
Du får eit lite plastrøyr der bedøvingsplasteret har vore. Dette blir det gitt medisin i. Om du vil kan  du få bamseplaster på.
Du får ein dings på fingeren som måler pulsen...
...og ei maske som blåser luft til du sovnar.
Under operasjonen søv du og merkar ingenting. 
Etter operasjonen søv du ei stund. Når du vaknar er foreldra dine der.
No kan du drikke saft, og om du vil kan du ete is.  
Nå er du ferdig hos oss. Godt jobba!
Hugs å ta med premien din!
Sist oppdatert 10.03.2026