Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik føregår ei poliklinisk undersøking av øyre-nase-hals for barn og unge

Her kan du sjå ein bildeserie som viser kva som skjer under ei poliklinisk undersøking av øyre–nase–hals. Gå gjerne gjennom bileta saman med barnet på førehand, slik at de er så godt førebudde som mogleg før undersøkinga.

Sjå illustrasjonar som blir brukt under den polikliniske undersøkinga her (PDF).

 

Vi er som regel både lege og sjukepleiar under konsultasjonen. Studentar kan også vere til stades.
Du skal sitte i undersøkingsstolen mens du blir undersøkt. Du kan sitte på fanget til ein føresett om du vil.
Av og til kan du også ligge på ein benk.
Først pratar vi saman.
Så undersøker vi i øyre.
Vi undersøker nase.
Og vi undersøker munn.
Av og til har vi andre spesielle undersøkingar eller behandlingar, avhengig av behov.
Om vi bestemmer at du skal til operasjon måler vi høgde og vekt.
Og vi lyttar på hjartet og lunger.
Hugs å ta med premien din når du er ferdig!
Sist oppdatert 10.03.2026