Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik føregår høyreprøver for mindre barn

Sjå bilete av korleis ein høyreprøve hos audiograf for barn under seks år føregår. Undersøkinga kallar vi leikeaudiometri. Gå gjerne gjennom bileta saman med barnet på førehand dersom barnet skal ta ein høyreprøve.

Under ein lekeaudiometri er det med to personar som undersøker.
Først pratar vi saman.
Så kikkar vi i øyret ditt.
Av og til får du på hovudtelefonar, men dei minste barna treng ikkje.
Når du høyrer lyd skal du legge ein ball oppi korga, eller bygge med klossar.
Du får ein propp med pipelyd i øyret. Denne proppen måler høyrselen.
Da må du og alle andre i rommet vere heilt stille. 
Nå er vi ferdige! Du kan velje deg ein fin premie.

 

Sist oppdatert 10.03.2026