Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Slik føregår høyreprøver for større barn

Sjå bilete av korleis ein høyreprøve hos audiograf for barn i skulealder føregår. Undersøkinga kallar vi audiometri. Gå gjerne gjennom bileta saman med barnet på førehand dersom barnet skal ta ein høyreprøve.

Du blir undersøkt av ein audiograf.
Du sit i stolen mens vi snakkar saman.
Så kikkar vi i øyret ditt.
Du får på hovudtelefonar.
Når du høyrer lyd skal du trykke på knappen.
Til slutt får du ein propp i øyret. Denne lagar ein låg lyd.
Nå er vi ferdige! Du kan velje deg ein fin premie.
Sist oppdatert 24.03.2026