Bildeserier for barn
Avslappande medisinar til barn før undersøking og blodprøvetaking
Barn må av og til gjennom undersøkingar eller testar som barnet kan oppleve som skummelt eller vondt. Da er det viktig at barnet får tilpassa smertelindring og lokalbedøving. Barnet kan få ein medisin som hjelper barnet å slappe av. Det kan for eksempel vere mikstur eller lystgass.

Her finn du to bildeseriar som du kan sjå på saman med barnet ditt.
Når barn får ei innkalling til sjukehuset, er det lurt å forberede barnet på kva dei skal, og kvifor. Det å bruke tid på å forberede barnet har mykje å seie for korleis barn opplever situasjonen.
Barnet kan heile tida ha med seg forelder eller ein annen vaksen som det kjenner godt.
Slik gir vi medisin i munnen
Linnea får mikstur
Bilde 1/6

Linnea skal også få mikstur (midazolam) før ho skal ta blodprøve. Det er ein flytande medisin som ho får i munnen. Medisinen hjelper henne å slappe av når ho skal ta blodprøven
Linnea har også tatt på seg et bedøvingsplaster 1 time før ho kom til sjukehuset. Da kjenner ho mindre når ho skal ta blodprøven.
.
Her er medisinen gjort klar i ei lita sprøyte utan spiss. Når du ser nøye på sprøyta ser du at det ikkje er nål på den.
Sjukepleiaren viser korleis sprøyta med miksturen skal inn i munnen på innsida av kinnet
Linnea får miksturen, ho synest den smakar litt søtt og bittert. Etter ca 20 minutt vil Linnea bli litt trøytt og avslappa, og klar for å ta blodprøve.
Når Linnea er ferdig får ho velge seg ein premie. Ho må vente i avdelinga omtrent ein time etter at ho har fått miksturen. Så kan ho kan dra heim.
Linnea får mikstur
Bilde 1/6
Bildegalleri fullskjermvisning

Slik gir vi lystgass
Linnea får lystgass
Bilde 1/8

Linnea får sjå korleis maska ser ut, og vi forklarer kva som skal skje. Maskene kan sjå litt forskjellige ut og ha ulike fargar. Ho får prøve ulike masker til vi finn den som passar henne best. Maska skal sitte tett på ansiktet.
Linnea har tatt på seg eit bedøvingsplaster 1 time før ho kom til sjukehuset. Da kjenner hun mindre når hun skal ta blodprøven.
Linnea får sjå tusjar med ulike lukter som jordbær, banan, eller cola.
Linnea får velje ein tusj med den lukta som ho vil ha i maska.
Linnea teiknar med tusjen inne i maska, og så er maska klar til bruk. Sjukepleiaren fortel ho heile tida kva som skal skje vidare.
Om du vil kan du sitte på fanget til ein av foreldra dine.
Sjukepleiaren kan hjelpe deg med å halde maska, eller du kan halde maska sjølv. Lystgassen kan gjere deg litt svimmel, og du kan kjenne prikking i bein og armar, og kanskje at kroppen blir slapp. Det går raskt over og du er vaken heile tida.
Det kan suse litt frå utstyret, og kvar gong du trekker pusten vil du høyre ein slags pustelyd. Mange synest det høyrest ut som lyden astronautar lagar når dei pustar i verdsrommet.
Du pustar i maska i nokre minutt før du skal behandlast. Så fortset du å puste inn lystgassen med rolege og djupe pust under heile behandlinga.
Når maska blir tatt vekk, forsvinn lystgassen ut av kroppen på nokre få minutt. Her pustar Linnea inn frisk oksygen.
Linnea får velje seg ein premie før ho kan dra heim

Sist oppdatert 06.02.2026