Fysioterapi på Barne- og ungdomsklinikken
Fysioterapeutane undersøker barn både i forhold til motorisk utvikling og funksjonsnivå. Fysioterapeutane ved Barneklinikken arbeider både på sengepostane og i poliklinikken.
Fysioterapi er ein del av behandlingsteamet både ved behandling ved akutt sjukdom og i samband med langvarig behandling. Fysioterapeutane har ein eigen treningsal kor dei gir individuell behandling.
Barn og unge som kjem til poliklinikken for å trena med fysioterapeut held som regel til i treningssalen. For barn og unge som er på sengepostane kjem det heilt an på den einskilde om trening og behandling går føre seg i treningsal eller på sengeposten.
Fysioterapeutane behandlar både barn og unge som er akutt sjuke, som er under rehabilitering og som har ulike kroniske sjukdommar.
Vanlege årsaker til vurdering og behandling av fysioterapeut er:
- Motorisk utvikling hos for tidleg fødde barn
- Kronisk lungesjukdom
- Nevromuskulære sjukdommar
- Funksjonsnivå hos barn med medfødde hjartelidingar. Fyljetilstandar ved kreft
- Leddgikt
Fysioterapeutane på Barne- og ungdomsklinikken samarbeider tett med legar og pleiepersonale ved dei ulike sengepostane, med logoped, førskolelærar, lærar, spesialpedagog, sosionom og psykolog.