Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Retningslinjer for ansatte i BUK

Gravferd

Dødsfall er ein del av livet på eit sjukehus. Tap av eit barn er ein djupt krevande situasjon for pårørande. Det kan og vere følelsesmessig utfordrande for medarbeidarar som har fulgt familien i behandling og gjerne over tid, som helsepersonell.

Gravferd er ei privat hending av stor betydning. Pasientane våre kjem frå eit stort geografisk område, frå ulike kulturar og frå ulike miljø. Vi skal tilstrebe at alle får same tilbod, uavhengig av bustad, diagnose og arbeidspress i klinikken. Medarbeidarar i BUK skal ikkje delta i gravferd til pasient, i arbeidstid eller på fritida. Vi skal alltid ivareta pårørande på ein profesjonell måte, både før, under og etter eit dødsfall, og vi skal tilby ettersamtale etter gjeldande retningslinjer.

Sist oppdatert 24.11.2025