Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sjekklister i overgangar

Det er særlig viktig at tenestene samarbeider og koordinerer arbeidet sitt i overgangar

Habilitering består av mange store og små overgangar, og dei er ekstra sårbare for manglande samhandling mellom aktørane. I prosjektet «Habilitering i Barn og unges helseteneste» fann ein ut at ei felles sjekkliste kan gjere overgangane betre for pasientar og deira familiar. Sjekklistene gjeld for aktørar i oppvekst og helse i kommunane og for HABU, og kommunane er ansvarleg for dei fleste oppgåvene.

  • Vi samla informasjon på ei arbeidssamling med deltakarar frå kommunar, helseføretak og brukarorganisasjonar.
  • Deltakarane jobba saman i grupper.
  • Basert på kasus fann dei ut kva som må gjerast før, under og etter tre viktige overganger.

  • Sjekklistene er laga for å vere verktøy for å sikre at viktige oppgåver blir gjort til rett tid. 
  • Oppgåvene er knytt til samhandling og koordinering og erstatter ikkje interne eller faglege rutinar og rettleiarer.
  • Oppfølging som ikkje er direkte relatert til overgangen er ikkje inkludert, men må halda fram etter behov.
  • Aktørane må ha samtykke frå foreldre/pasient til å samarbeide. 
  • Viss ein av dei ansvarlege aktørane i sjekklista ikkje er med i ansvarsgruppa, må ein annan aktør gjere oppgåva.
  • Vi bruker ordet "koordinator" og det kan bety både "vanleg" koordinator og barnekoordinator.

  • ASK: Alternativ og supplerande kommunikasjon
  • BTI: Betre tverrfagleg innsats
  • Ergo: Ergoterapeut
  • Fysio: Fysioterapeut
  • HABU: Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
  • IOP: Individuell opplæringsplan
  • IP: Individuell plan
  • ITO: Individuelt tilrettelagt opplæring
  • PPT: Pedagogisk-psykologisk teneste
  • SAPT = Syns- og audiopedagogisk senter
  • SFO: Skolefritidsordning  
Sist oppdatert 30.04.2025