Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Pasientkurs

Foreldrekurs: Ungdom med lett utviklingshemming

16.
november
2026
  1. 16. nov. 2026

Tid og stad

Når
  1. 16. nov. 2026
Kvar
Lærings- og meistringssenteret

Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) ønsker å invitere føresette til kurs/samling der temaet vil vere kvardagsliv og ungdomstid for ungdom som har lett utviklingshemming.

Målgruppe

Meistringskurset er eit gruppebasert tilbod for deg som har barn/ungdom med nedsett funksjonsevne. Vi ønsker å skape ei arena der føresette får informasjon og deler erfaringar med kvarandre. Både foreldrepar, einslege foreldre og andre føresette kan delta.

Påmelding

Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon: 55 97 83 35

E-post: barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Annet

Det vil bli servert kaffi, te og lunsj. Gi beskjed dersom de har behov knytt til kosthald.

Foreldre som er i arbeid kan søke om opplæringspengar.

Deltaking er gratis, men det vil vere eigenandel etter fastsett takst for dei som har ungdom over 16 år.