Workshopen går over 5 timar i lokala til HABU:
- Dagen startar med ein introduksjon av ASK-teamet ved HABU etterfølgd av ei kort forelesing om kommunikasjon og tilrettelegging.
- Deretter vil det bli god tid til å prata med oss og kvarandre. Det er lagt opp ulike leikestasjonar, oppgåver og ulikt innhald, som kan gi gode drøftingar i teamet rundt barnet.
Barnet eller ungdommen skal ikkje delta på denne workshopen, det er for samarbeidspartnarar/nærpersoner rundt barnet/ungdommen som bruker kommunikasjonshjelpemiddelet saman med dei.
Det kan vere nyttig å ha med barnet/ungdommen sine eigne kommunikasjonshjelpemiddel på dagen dersom dei har aktuelle eller spesifikke problemstillingar eller vanskar knytt til dette.
ASK-teamet jobbar for at barn og unge med behov for eit kommunikasjonshjelpemiddel skal få kunne lære å uttrykke seg på best mogleg måte, og ikkje nødvendigvis berre forstå det som andre formidlar til dei. Til dette trengst det hjelpemiddel for formidling, og vi arbeider for at nettverket rundt skal kunne få rettleiing og støtte i bruk av desse på alle arenaer.