Tid og stad
- Når
-
- 29. apr. 2026, 09:30 - 15:30
- Kvar
- Gymsal på Kronstad distriktpsykiatriske senter (DPS) i Fjøsangerveien 36, Bergen (på Danmarksplass)
- Påmelding
-
Frist for påmelding: 15. apr. 2026
Om forelesar og tema:
Kjersti Karlsen er psykologspesialist med klinisk fordjuping med barn og ungdom. Ho jobbar i Nasjonalt kompetanseteneste for utviklingshemming og psykisk liding (NKUP). Ho vil forelese om tidleg oppdaging av psykiske lidingar hos barn og ungdom med utviklingshemming med eller utan autisme. Det vil også leggast til rette for workshop for å drøfte praksisnære kasus med støtte frå fasilitatorar.
Målgruppe:
Avdelingsleiarar, miljøterapeutar, spesialpedagogar i skole og avlastningstilbod, tilsette ved PPT, BUP, samt koordinatorar i kommunane.
Fagdagen kan vere aktuell også for kommunal helseteneste, brukerorganisasjonar og andre interesserte.
Pris:
Kr. 200. Det vil bli servert enkel lunsj og forfriskningar.
Påmeldingslenke:
https://www.letsreg.com/no/event/tidlig_oppdagelse_av_psykisk_sykdom_hos_barn_og_unge_29042026#init
Arrangør:
Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Vest i samarbeid med Habiliteringstenesten for barn og unge (HABU) og Habiliteringstenesten for voksne (HAVO) i Helse Bergen