Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Vest Intensiv Tverrfagleg Habilitering (VITH)

VITH er eit spesialisert habiliteringstilbod for barn med omfattande og samansette funksjonsnedsettingar og deira foreldre. Det er eit supplement til den ordinære habiliteringsoppfølginga

Kort om VITH

  • For barn med omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar og foreldra deira.
  • Gruppebehandling med 3 samlingar på 8 dagar, over 1 år.
  • Høve til å utvikla seg gjennom intensiv trening.
  • Krev aktiv deltaking av foreldre.
  • Ingen deltakaravgift.

Det blir gjennomført tre gruppesamlingar i løpet av eit skuleår (september-juni). Kvart opphald varer i åtte dagar (kl. 08.45-14.00).

Behandlinga skjer i grupper med ca. fem barn og deira foreldre. Det blir jobba tverrfagleg innanfor fokusområda mobilitet/motorikk, daglege aktivitetar/bruka hender, kommunikasjon/sosiale ferdigheiter.

Det er forventa at foreldre tek aktivt del i trening, stimulering, gruppesamtalar og på undervising.

Me ønskjer å gi barna moglegheit til å utvikla seg gjennom intensiv trening på utvalde område. Foreldra vel mål for barnet sitt i starten av prosessen. Områda det skal trenast på skal vere ein del av barnet sin habiliteringsprosess.

Alle som følgjer opp barnet, både lokalt og ved HABU, vil samarbeida om felles mål for barnet.

Det er og eit mål å tilby eit fellesskap for foreldre og barn gjennom å delta i gruppe saman med andre.

Behandlingstilbodet fram til 2025 er for førskulebarn i form av PIH Multi studien (les meir om studien lenger ned).

Frå hausten 2025 blir tilbodet om intensiv tverrfagleg habilitering utvida til alle barn og unge med omfattande og samansette funksjonsnedsettingar i alderen 2-18 år.

VITH er eit supplement til ordinær habiliteringsoppfølging og eit tilbod til pasientar som har oppfølging ved HABU. Viss du ønskjer meir info om dette tilbodet så kan du ta det opp på neste konsultasjon.

Vi tar fortløpande påmelding til grupper med oppstart i 2025. Frist for opptak er veke 49 i 2024.

Det er ikkje deltakeravgift.

Det kan søkast om opplæringspengar og dekking av reiseutgiftar i samband med gruppesamlingar. ​

VITH deltek i perioden 2021-2025 i eit forskingsprosjekt leidd av Sørlandet Sjukehus. PIH Multi er eit behandlingstilbod for førskulebarn som har cerebral parese (CP) eller liknande tilstandar og foreldra deira.

Forskingsprosjektet skal vurdera nytte og effekt av deltaking i PIH Multi i alle helseregionane i landet. Dette betyr at deltakarar blir bedne om å gi løyve til at det kan brukast resultat frå kartleggingar og undersøkingar av barnet og de i forsking.

Alle resultat blir anonymiserte.

Datoane for opphalda kan endrast.

 

Gruppe 1

 

Uker 

Datoer 

Opphold 1 

Uke 37 og 38 

09.09.25-12.09.25 

15.09.25-18.09.25 

Opphold 2 

Uke 2 og 3 

06.01.26-09.01.26 

12.01.26-15.01.26 

Opphold 3 

Uke 16 og 17 

14.04.26-17.04.26 

20.04.26-23.04.26 

Gruppe 2

 

Uker 

Datoer 

Opphold 1 

Uke 43 og 44 

21.10.25-24.10.25 

27.10.25-30.10.25 

Opphold 2 

Uke 7 og 8 

10.02.26-13.02.26 

16.02.26-19.02.26 

Opphold 3 

Uke 23 og 24 

02.06:26-05.06.26 

08.06.26-11.06.26 

Tilbake til HABUs forside

 

Sist oppdatert 02.09.2024