Leiketerapi
Leiketerapien finn du i underetasjen på Marie Joys' hus. Her er det mogleg å leike, lese, spele, vere kreativ og skapande – eller berre slappe av i andre omgivnader.

Alle smittefrie barn- og ungdommar som er pasientar ved Barne- og ungdomsklinikken kan nytte seg av tilbodet, saman med foreldre eller annan vaksen. Leiketerapien skal vere ein fristad der det ikkje er noko medisinsk behandling eller undersøking.
Leiketerapien er del av Energistien. I denne filmen kan du sjå nokre av aktivitetane Leiketerapien tilbyr (trykk på bildet):
Opningstider
Mån-fre 08.30-11.30 og 12.00-15.00.
Torsdag 08.30-11.30 og 12.00-17.00.
Frivilligkorpset har ope på Leiketerapien måndag 16.00-18.00
Barnas røde kors har ope onsdag 16.45-18.00.
Telefonnummer: 55 97 15 42


Andre tilbod
- Kunstterapi
Når barna får uttrykke seg kreativt er håpet at dei midt i alt det usikre kan kjenne seg trygge ei stund, og at dei skal få gløyme sjukdommen litt.
- Leiketerapi
På leiketerapien er det mogleg å leike, lese, spele, vere kreativ og skapande – eller berre slappe av i andre omgivnader.
- Musikkterapi ved Barne- og ungdomsklinikken
Her handlar det ofte om å fokusere på ressursane til kvart enkelt barn, trass i sjukehusopphaldet. Dette inneber at musikkterapitimane blir lagt til rette for kvar enkelt sin situasjon og behov, med tanke på både fokus, arbeidsformer og instrument.