- Velkommen til Glasblokkene, maskot Eikorn!

Eikorn er den nye maskoten til alle barneavdelingane på Haukeland. Eikorn er ein ven for barn og unge på sjukehuset, og skal bidra til å spreie glede og tryggleik i sjukehuskvardagen.

Maskot vinker_foto

Barne- og ungdomsklinikken og Leiketerapien er blant dei som har ønska seg ein maskot i mange år. Då dei aller fleste barn og unge på sjukehuset vart samla i Glasblokkene var anledninga her, og ved hjelp av Haukelands vener vart draumen endeleg realisert.

- Målet har vore å skape ein maskot til glede og engasjement, samtidig som den bidreg med tryggleik og støtte i samarbeidet mellom barn og helsepersonell, seier Jannike Meisingset Heimdal og Maren Brudvik Korneliussen på Leiketerapien.

I Glasblokkene er det norske landskapet eit gjennomgåande tema både i bygg og hagar. Ulike dyr dukkar opp på veggar over heile komplekset med små kommentarar, og som vegvisarar for små og store.  Ekornet Eikorn, som er eit av dyra, bur her samen med venene sine Myrre Myrsnipe, Villsauen, Binna og Bjørnen. Ekornet Eikorn er det første av dyra som er tilsett, og som har fått sitt eige Id-kort.

- Eikorn er glad i liv og røre og dukkar jevnleg opp. Han har vore både på opningsfest i Glasblokkene, festivalar og trappeløp, og har rukke å få besøk av brannbamsen Bjørnis. Han er blitt godt mottatt, og det har blitt mange klemmar og high fives, fortel Jannike og Maren.

Eigen musikkvideo

Eikorn liker musikk og dans. Han har laga sin eigen musikkvideo slik at små og store skal få bli betre kjent med han.

- No håpar han at musikkvideoen vil gjera han verdsberømt på heile Vestlandet. 

Eikorn er den nye maskoten til alle barneavdelingane på Haukeland universitetssjukehus.

Songen er skrive/sunge av Benjamin Bjordal Ellingsen og produsert av Jens Erik Aasmundseth. Jannike Meisingset Heimdal og Maren Brudvik Korneliussen har stått for regi, opptak og etterarbeid.

Vegen vidare

Førebels finst maskoten berre i stort format og på veggene i Glasblokkene. Men arbeidet er ikkje ferdig.

- Vi jobbar no vidare med å sjå kor og korleis vi best kan nytte maskoten og venene hans for å trygge barna, og korleis maskoten i mindre format kan bli eit kommunikasjonsverktøy mellom barn og helsepersonell.

Kanskje dukkar han opp på premiar? Kanskje dukkar han opp i vår digitale pasientinformasjon slik at barna kan bli kjent med figuren dei møter på sjukehuset før dei kjem. Det er mange mogelegheiter.

- No skal  vi bli vi kjent med maskot Eikorn og venene hans saman med barna, så gler vi oss over at han er vel i hus og kan nyttast på mange måtar av mange i tida framover, smiler Jannike og Maren.

Sist oppdatert 21.06.2024