Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kenguruomsorg

Vi viser mor og far korleis barnet kan få kenguruomsorg. Barnet får ligge trygt og godt, hud mot hud, på mor eller far sitt bryst. Alle barn, også dei som ligg i kuvøse kan få kenguruomsorg.

Vi lærer foreldre kenguruomsorg

Slik er kenguruomsorg

  • Mor eller far sit i lenestol eller i seng, med open skjorte iført ein kengurutopp eller eit sjal for å støtte og sikre barnets stilling
  • Roleg og sikkert blir barnet flytta frå seng eller kuvøse under rettleiing og hjelp av ein pleiar
  • Barnets hud er i mest mogleg grad naken, bortsett frå ei bleie, ei lita hue, ev. sokkar
  • Barnet ligg i ei oppreist stilling med mage og brystkasse mot forelderen sin brystkasse, med bøygde armar og bein. Hovudet ligg vendt til ei side, utan at nakken blir strekt.

flytting av barn

Bilde: Far flytter barnet og legg det til rette på mora sitt bryst

 

hud mot hud

 

 

 

Kor lenge?

Kenguruomsorg kan du gi så lenge som mogleg utanom nattetid. Minimum ein time om gongen. Skriv gjerne ned tida barnet har fått hud-mot-hud.

Kvifor hud mot hud?

Metoden kenguruomsorg er anbefalt av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Forsking har vist fleire positive effektar hos barnet: Det stabiliserer barnets puls, pust og temperatur, fremmer amming, hjelper å regulere barnets søvn, er positivt for barnets utvikling. Kenguruomsorg styrker banda mellom forelder og barn, og reduserer stress både hos barn og foreldre. Vi håpar foreldra kan halde fram med å gi barnet kenguruomsorg kvar dag så lenge barnet er inneliggande på nyfødd.

Tilbake til sida "Til deg som har barn på nyføddintensiv"

 

 

Sist oppdatert 27.12.2023