Kva om barnet mitt blir sjukt etter heimreise

Om barnet ditt blir sjukt etter opphald på Nyføddintensiv, og barnet IKKJE er pasient i Avansert heimesjukehus, ​må du kontakte fastlege eller legevakt. Dersom det er akutt naud, ring 113. Vi tilrår ikkje å ringe Nyføddintensiv for vurderinger ved akutt sjukdom. ​

Alle barn som er pasientar i Avansert heimesjukehus har open retur. Det vil seie at dersom barnets tilstand forverrast kan ein ta kontakt direkte med Nyføddintensiv og ved behov leggast de inn igjen utan kontakt med fastlege/legevakt. ​

 

 



 

Sist oppdatert 22.12.2023