Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bli morsmjølk-donor du også

Det gir meg ei så god kjensle at mjølka mi kan hjelpe andre barn, at eg gruar meg litt til eg ikkje kan donere meir, seier morsmjølk-donor Ina. No treng Mjølkebanken fleire donorar.

Publisert 22.05.2026
Kvinne som holder en pose med morsmelk

Kva fekk deg til å bli morsmjølkdonor?

Det starta med at eg hadde ekstra mykje mjølk med barn nummer to. Ein liten med mageproblem gjorde at mjølkeproduksjonen stadig auka hos meg, og frysaren heime fylte seg opp med morsmjølk, men det var ikkje sjanse for at barnet mitt skulle få i seg alt sjølv. I ein samtale med helsesjukepleiar på helsestasjonen om korleis eg eventuelt kunne redusere mjølkeproduksjonen, vart det foreslått at eg kunne vurdere å melde meg som mjølkedonor på Haukeland.

Korleis høyrde du om moglegheita for å donere morsmjølk?

Då eg fekk barn nummer tre, tenkte eg at dersom eg heldt oppe den høge mjølkeproduksjonen frå starten, kunne eg òg halde fram med å donere morsmjølk.

Kva betyr det for deg å kunne bidra på denne måten?

Å vere morsmjølkdonor blir opplevd som ei svært verdifull oppgåve. Mitt vesle bidrag til nokre små som har ein krevjande start på livet. Eg får aldri vite kven som får mjølka eller kva som skjer vidare med henne, men det er godt å vite at eg har moglegheit til å hjelpe uansett.

En kvinne i blå uniform som åpner en skuff med morsmelk

Korleis opplevde du prosessen med å bli donor?

Etter første kontakt med morsmjølkbanken var det enkel administrasjon frå mi side: eg møtte til ein samtale med rettleiing, tok ei blodprøve, og så fekk eg utstyr til oppstart då eg var godkjend som donor. Det var ikkje noko press på mengd mjølk eller kor ofte eg skulle levere. Det var hyggelege møte med alle på morsmjølkkjøkkenet undervegs, og eg opplevde bidraga mine som ønskte og nødvendige.

Korleis passar det inn i kvardagen din å pumpe mjølk til donasjon?

Eg har uansett pumpa mjølk for å ha tilgjengeleg til eigne barn i tillegg til amming, så det å donere delar av den mjølka undervegs var lettvint for meg. Eg la mjølka i frysaren og leverte til morsmjølkbanken når det passa. Når det har vore stort behov for mjølk på Haukeland, har dei kome og henta hos meg litt oftare òg.

Korleis kjennest det å vite at mjølka di hjelper andre barn?

Det er fint å vite at eg kan bidra til å mette magen til ein liten, og eg håpar at det kan gi gode framtidsutsikter for nokre små. At mjølka mi kan hjelpe andre barn, gir meg ei så god kjensle at eg gruar meg litt til eg ikkje kan donere meir mjølk.

Korleis handterer du hygiene og oppbevaring av mjølka heime?

Hovudmålet med å donere mjølk er jo at ho skal kunne brukast, så eg sørgjer for at alt utstyr blir kokt og vaska fortløpande, at huda er rein, og at mjølka blir halden skild i frysaren. Eg tenkjer at eg gjer mitt beste når det gjeld reinsemd og hygiene heime, og så veit eg at all mjølk blir testa før ho blir gitt til barn, for å vere heilt sikker på at ho er trygg for dei aller minste.

Ønsker du også å gi morsmjølk? Her kan du lese meir om Mjølkebanken på Haukeland universitetssjukehus.