Inngangspartiet på Protonbygget

Slik er protonbehandling- ein bildeserie

Protonbehandling er ein type strålebehandling som kan bli brukt ved både godarta hjernesvulstar og kreft. Behandlinga er ekstra bra for barn og unge fordi den skånar områda rundt kulen eller kreften.

For barn og unge som skal til protonbehandling
Jente og mor på vei til Protonbygget
1. Protonbygget ligg i Haukelandsbakken, rett over sjukehuset. For å komme hit kan de køyre eigen bil, gå, eller ta Bergens høgaste heis inni fjellet.
Sykepleier ønsker jente velkommen
2. Ein til to veker før behandlinga, kjem du på besøk til oss saman med ein vaksen. Når de kjem vil ein av oss ønske velkomen. Vi skal forklare deg kva som skal skje.
Jente ligger på behandlingsbenk og helsepersonell står rundt
3. Når du skal få strålebehandling er det viktig at du ligg stille og heilt likt kvar gong.
Jente får prøve ansiktsmaske når hul ligger på benken
4. Dersom du skal få strålar mot hovudet eller halsen, lagar vi ei maske som passar akkurat til deg. Om du skal få strålar mot andre stader på kroppen, brukar vi anna utstyr som hjelper deg å ligge stille.
Laserlys i taket over ei jente som ligger på en benk.
5. Om du vil kan vi spele musikk og ha på kult laserlys.
Ei jente ligger i en CT maskin
6. Vi skal ta bilde av deg i nokre store maskiner som heiter CT- og MR.
Da må du ligge heilt stille, og du kjenner ingen ting. Har du fått maske, skal ho vere på.
Jente ligger på behandlingsbenk for å få protonbehandling
7. Den eine maskina lagar høge lydar. Da får du øyreproppar og kan få høyre på musikk. Dei vaksne som følger deg ser deg heile tida. Så er planlegginga ferdig.
Ei jente med maske får protonbehandling
8. Nå kan protonbehandlinga starte. Det er protonmaskina som lagar strålebehandlinga.
Ei jente får protonbehandling
9. Vi tar bilde for å sjå at du ligg på heilt på rett plass.
Helsepersonell ser på en skjerm under protonbehandling
10. Når du skal få strålar ligg du aleine i rommet, men vi ser og høyrer deg heile tida . Du kan høyre på musikk eller lydbok om du vil.
Ei jente viser frem en diplom
11. Legen fortel deg kor mange gonger du må komme til behandling. Når behandlinga er ferdig kan du reise heim.